Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Telldus Z-wave-fjernstrømbrytar (Kjell 51018) svarar ikkje


Zulboom

Anbefalte innlegg

Hei,

 

Eg har 4stk slike pluggar i bruk til å styre mellom anna varmeomnar: https://www.kjell.com/no/produkter/elektro-og-verktoy/smarte-hjem/z-wave/fjernstrombryter/telldus-z-wave-fjernstrombryter-med-energimaler-p51018?showOffline=True

 

På den eine pluggen så har eg fleire gonger opplevd at den har «hengt seg», dvs. den svarar ikkje på polling eller kommandoar (av/på) frå Homeseer. Dette har no skjedd igjen, og det er litt dumt, fordi akkurat no står den av, og eg er avhengig av varmeomnen som er tilkobla pluggen for å varme opp att leilegheita til når eg kjem tilbake frå ferie (helst før eg er heime att).

Einaste måten å fikse pluggen på har vore og plugge den ut og inn att (have you tried turning it off and on again?), men det er enklare sagt når eg ikkje er heime. Eg har heldigvis ein i reserve liggande, og denne blir nok sett inn med ein gong eg er heime att.

 

Er det fleire som slit med det samme, enten med Homeseer eller andre system?

Har de tips til noko eg kan gjere for å få kontakt med pluggen att utan å plugge den ut og innatt?

 

Edit: Kan legge til at nettverket har vore optimalisert fleire gonger etter alle kunstens (Moskus’) reglar.

Får negativt resultat frå «Connectivity test» under Z-wave-fana på Root-devicen til pluggen. Fungerer fint på tilsvarande plugg på soverom.

La til bilete frå logg. Soverom fungerar fint, medan stove er den eg slit med.

51516D1E-0285-493D-8E95-B26E3A671BBD.jpeg

Endret av Zulboom
Div tilleggsinfo.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13stk er aktive nodar, dvs. dei som er drivne av nettspenning. 2stk (Fibaro røykvarslar og Fibaro multisensor) er batterinodar.

 

Har forresten sett at min kjære bror, @bjornepappa, klaga på Z-wave-rekkeviddeytelsen til desse Telldus-pluggane i tråden under. Så fort eg kjem heim skal eg sette inn reservepluggen eg har liggande og sjå om det betrar seg.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stemmer at dei virkar for å ha litt dårlegare dekning enn mange andre, men 3 m bør ikkje akkurat vere problem. 

Kan også nemne at éin av fem no har takka for seg etter nokre månader på drift - vil ikkje kople inn verken lokalt eller via HS. Ingen kontakt frå HS i det heile tatt. Får sjå kor lenge dei resterande varer... 

  • Sad 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Kjapp oppdatering på denne (bedre seint enn aldri):

 

Einaste måte å få gjenoppretta kontakt med pluggen var å ta den ut inn og ut att frå stikkontakten. Den responederte heller ikkje på trykknappen på pluggen før omplugginga.

I tillegg har 2 andre slike pluggar hatt det same problemet, så enden på visa blir nok å sende inn att alle 5 eg bestilte. Litt dumt, men når eg brukar dei til tryggleik (utkobling av kaffitraktar etter 30min + kaffitraktar og varmeomnar skrus av ved brannalarm) og varmestyring (varmeomnar) vil eg ha pluggar eg kan stole på.

 

Så då er spørsmålet: Kva type plugg bør eg kjøpe? Fibaro? Største last som skal styrast er ein 1400W varmeomn.

Endret av Zulboom
skriveleif
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
På 28.12.2018 den 15.55, bjornepappa skrev:

Stemmer at dei virkar for å ha litt dårlegare dekning enn mange andre, men 3 m bør ikkje akkurat vere problem. 

Kan også nemne at éin av fem no har takka for seg etter nokre månader på drift - vil ikkje kople inn verken lokalt eller via HS. Ingen kontakt frå HS i det heile tatt. Får sjå kor lenge dei resterande varer... 

 

Og no daua nr. 2. Henvendelse sendt tim Kjell & co og returlapp mottatt, men det blir litt kjedelig i lengden....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.