Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Vinnerliste

Populært innhold

Viser innholdet med mest poeng fra 05. juli 2018 i alle områder

  1. Sidan hovudmotivasjonen min for å ta i bruk HomeSeer var å plassere fleksibelt forbruk ut frå pris, tenkte eg å skrive eit par linjer om erfaringane så langt. For å få til dette er det så langt varmtvannstank som er forsøkskanina, og som no har fått styring ut frå straumpris. Har montert temperatursensor like ved termostaten samt på utløpsrøyret i toppen. Nederste måling for å ha kontroll på legionella, øverste måling for å unngå kaldt vatn i dusjen - koplar inn igjen på høg pris dersom temperaturen blir målt for lågt. Vi er ein familie på to vaksne og to barn, så potensialet for å spare ein del kroner på vv-forbruket er nokså stort. Event for å skru av tanken: Og for å skru på igjen: Har ein timer for å detektere målt tid for utløpstemperatur under 40 gr.C, ila. "testperioden" på ca. ei veke har denne ikkje blitt aktivert. Har også satt opp pushvarsel. Kurver for temperatur oppe (utløp) og nede (ved termostat) samt målt effektforbruk: På figuren over kan det kanskje sjå ut til at vatnet "så vidt" når å komme opp igjen på høg nok temperatur for å ta knekken på legionella, på figuren under er temperaturmålinga nederst ved termostaten vist lengre tilbake i tid, før den øvre målinga vart montert. Ein ser at termostaten koplar ut igjen på ca. 74 gr.C også då - som bør vere godt innanfor det som vert rekna for trygt. Og ei kurve som viser effektforbruk opp mot straumpris. Kunne nok satsa enda litt hardare, det får eventuelt bli etter ein lengre periode med test. Har ikkje satt opp nokon berekning på spart beløp så langt - og med dagens flate pris er det nok ikkje all verden. Får vi tilbake prisar på vinterstid med til dels stor variasjon mellom dag og natt blir det derimot ein heil del å spare. Under er prisar i NO5 i slutten av mars i år. Og slik er sensorane "montert". Sensorane er DS18B20, den nederste er tilkopla ein Fibaro dør-/vinduskontakt som jo har temperaturinngang, den øverste går enn så lenge via Arduino. Har brukt alumininiumsteip til å feste med. Den øverste er nok til dels provisorisk montert enn så lenge, sensoren er av typen "dykkbar" og vart litt for lang til å få god kontakt med utløpsrøyret - blir nok utskift med ein mindre versjon som kan få betre kontakt så snart dette kjem i posten. Nederste sensor ved termostat: Øverste sensor, ved utløp: Kom gjerne med tips om forbetring eller andre endringar
    4 poeng
  2. Thermofloor har en beta firmware (1.92) til versjon 1 av termostaten. Den gir nesten samme funksjonalitet som Z-trm2. Man får status på om den faktisk varmer (relestatus), og man får endpoints på de forskjellige temp sensorene. Det man ikke får er powermeter eller mulighet til å dimme displaylys. Måtte ha spesial kabel for å oppdatere: https://www.elektroimportoren.no/heatit-sw-update-cable/5430497/Product.html
    3 poeng
  3. Tenkte Alexa skulle få kommandoer som "Alexa Run the blue show"
    1 poeng
Vinnerlisten er satt til Oslo/GMT+02:00
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.