Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Komlo

Medlemmer
  • Innlegg

    35
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Komlo

  1. Aha! Tuya sensorane har kome i hus. Eg har ikkje fått testa dei.
  2. No har eg tinga 5 stk. Tuya. YMMV?
  3. Takk for tips! Eg skal sjekka det ut.
  4. Takker for tipsa. Eg kjem til å tinga nokre nedis eller aquara neste veka. Dei aquara sensorane fann eg på aliexpress, men når eg klikka på annonsene kosta dei frå 130kr og oppover. Då vert det evt. heller tinga frå netonnet. Fibaro dimmarane og heatit releea har kome i posten. I løpet av neste veka håpar eg å få kopla det til saman med nytt sikringsskap og straum til kjøkken og stova.
  5. Takker for gode tips. Då får eg bestilla nokre sensorar først, og så sjå om eg treng noko rekkeviddeforlengar etterkvart. Eg kom på no at eg gjerne skulle hatt tips til ein skumringssensor/lyssensor/fotocelle eller kva det heiter. Denne skal og helst verra trådlaus og skal brukast til å styra utelysa, som vert kopla til fibaro dimmer 2.
  6. Takk for tips! Dei ser jo greie ut. Zigbee fungerer sikkert heilt fint til min bruk. Eg er foreløpig heilt grønn på dette. Har du testa desse? Veit du noko om rekkevidden? Eg tenkte å plassera på kaldloftet, badet, kjellaren og garasjen i første omgang.
  7. Hei! No er eg så vidt i gang med litt automasjon heima. Har starta med nokre fibaro dimmarar til lys og eit par heatit rele til nokre stikkontaktar. Eg har tenkt å kjøpa nokre Aeotec multisensorar til styring av dette og Homey pro som hub. No kunne eg tenkt meg nokre temperatursensorar til, slik at eg kan sjekka og logga temperatur i andre delar av huset og. Det eg vil ha: *Temperatursensor *gjerne fuktsensor i tillegg *Batteridrevet *Så billig som mogleg. Kan nokon hjelpa meg med tips til kva eg bør kjøpa?
  8. Dårleg forklart av meg. Eg veit ikkje heilt kva som trengs for å enklast mogleg få styrt golvvarmen med ei eller ana "smarthus" løysing i framtida. Er det noko eg bør tenkja på no ifm legging av røyr, tilkopling av fordelarar og slikt, for å gjera dette lettast mogleg for meg etterpå? T.d.: eg bør, viss mogleg, ha plass til HC10 eller liknande over vbvfordelarane og straumuttak i nærleiken? Eg bør leggja opp røyr frå termostat til golvfølar? Eg bør ikkje tinga termostatar frå Buildahouse. Kanskje ikkje aktuatorar heller? Er det andre ting eg bør tenkja på for framtidig styring?
  9. Trekkrøyr for golvfølar vert då lagt i alle rom. Godt tips. Hjå meg vert det laminatgolv oppå sponplater i alle rom med unntak av bad og vaskerom/teknisk. Så no i førstre omgang er det ikkje noko eg treng tenka på for framtidig styring av varmeanlegget? Planen er monoblokk varmepumpe ute og ein dobbeltmantla beredar, evt. to mindre tankar inne, viss eg får plass til det. Ønskjer å kunna styra alle kursar "på vegg" i tillegg til program for automatisk temeraturstyring, nattsenking osv.
  10. Ja, har lest golvsensor er lurt, men har ikkje heilt forstått kvifor.
  11. Takker for svar. Då gjeld det å setja av plass til stort fordelarskap.
  12. Hei igjen. Prøver meg i denne tråden, som eg har fulgt tidlegare, i staden for å laga ny tråd. Eg skal no etterkvart montera sløyfene for vbv, og prøver derfor å planleggja litt framover. Det ser ut til at oppsettet mitt vert noko slikt: Eit varmefordelinggskap i kvar etasje, med 7 - 8 kursar kvar. Varmefordelingsskap i sokkeletasjen (som er først ut) vert i teknisk rom saman med tank for v/v varmepumpe, sikringsskap og ana. Varmefordelingsskap i hovudetasjen gøymd bak eit skap ein plass. Eg tenkjer å handla røyr, utstyr, fordelingsskap, fordelarar osv frå Buildahpuse. Dette ønskjer eg å kunna styra med z-vawe seinare. Kva må eg då ha i tillegg? Danfoss HC10 eller Heatit Z-water kopla til kvart fordelarskap? Skal desse monterast i sikringsskap, eller kan dei monterast "kvar som helst"? Kva bør eg IKKJE bestilla frå Buildahouse? Eg bestiller så komplett oppsett som mogleg, men eg bør vel droppa termostatar og slikt . Kva ana bør eg droppa? Eg skal ikkje montera moko av dette akkurat NO. men eg må leggja klart røyropplegget og setja av plass til naudsynt utstyr når eg støyper golvet. Eg ønskjer å vera sikker på at eg ikkje gjer ein tabbe no, som gjer det vanskeleg seinare. Eg er heilt grøn på dette området, så eg tar i mot all hjelp med stor takk:)
  13. Komlo

    Dumt smarthus?

    Eg vurderer 433Mhz etterkvart. Som nevnt til nokre målarar o.l. Det eg eigentleg var om produsenten Nexa generelt leverer dårleg kvalitet (både på Z-wave og 433Mhz), og bør styrast unda? Forøvrig er eg open for alle forslag til utstyr som er kjekt å ha og tin som "bør" automatiserast?
  14. Komlo

    Dumt smarthus?

    Men Nexa er søppel? Pris på Qibino og Fibaro er jo ikkje ekstrem for eit produkt, men om eg skal bruka 500 - 600kr ekstra for kvar dimmar og brytar i huset, så vert det fort ein del tusenlappar for kun lys. I tillegg kjem jo mykje ana. Oppdaga no, etter å ha lest i smarthus a la Moskus at eg har lest om deg i TU tidlegare, Moskus:)
  15. Komlo

    Dumt smarthus?

    Aaaaahh, eg såg ikkje at den var 433Mhz. Eg berre antok det var z-wave sidan det meste ana var det. Gjekk litt fort i svingane.
  16. Komlo

    Dumt smarthus?

    Og Nexa, det skal eg berre styra langt vekk i frå? Nexa WMR-3500-2 ser jo ut som eit kjekt produkt, viss den fungerer. Styring av dobbelt stikk opp til 3 5ooe for 200kr.
  17. Komlo

    Dumt smarthus?

    Ok, då føler eg meg rimeleg sikker på at eg bør satsa på Z-wave. Kvar kan eg kjøpa produkta billigast? Er det gode tilbud med jamne mellomrom? Eller er det slik prisjakt seier, at Futurehome og elektroimportørern er billigast? Er det gode alternativ til Fibaro produkt når det gjeld z-wave? Hub/program har eg ikkje peiling på endå. Men Domoticz har jo noko særs positivt ved seg - gratis. Eg må forøka å halda det så billig som mogleg.
  18. Kor treigt reagerer eigentleg vbg i golv med varmefordelingsplater? Nedstøypt i betong har vel nattsenking lite for seg?
  19. Komlo

    Dumt smarthus?

    Heilt klart best om hub ikkje er nede. Men det KAN skje. Då vil eg vera bombesikker på at ting fungerer likavel, manuelt. For t.d. lys i somme rom kan eg leva med enkel rørslestyring. Bod og garasje kan godt ha rørslesensor rett mot lys. Der treng eg ikkje noko meir enn på/av. I andre rom er det nok kjekkare med utvida moglegheiter.
  20. Komlo

    Dumt smarthus?

    Eg får vurdera kva løysing det vert på hub etterkvart. På ein måte freistar det å få nytta den gamle pcen til noko vetig, i tillegg til mediaserver. Men ein ryddig og fin alt-i-eit boks freistar og. Kva er SEL? Korleis finn eg ut om utstyr som eg skal kjøpa inn vil fungera når hub er offline? Eg har forstått at Fibaro dimmarar og brytarar vil fungera, men at eg ikkje kan anta at alt utstyr vil gjera de.
  21. Komlo

    Dumt smarthus?

    Teknologivegringa til fru Komlo kan vera litt frustrerande. Med dessverre er den til dels berettiga og. Før putta eg ein DVD i speledåsen, så snurra det film. Seinare vart det mykje lydutstyr, mediaspelar og pc i andre enden som fungerte som mediaserver. Laaaangt betre når det fungerte. Men tungvint (for nokon utan interesse) å få i gang ein film, og lang meir som KAN gå galt. Derfor er eg ute etter så robust løysing som mogleg. Alt må kunna overstyrast manuelt, om det skal vera aktuelt. Eg kan leva med at lyset i boden ikkje automatisk slår seg på om hub/sentral er ute av drift nokre dagar. Det er derimot uaktuelt å ikkje kunna slå på lyset med veggbrytar. Sånn sett er eg vel ute etter "standard dum" løysing på alt, men at det kan gå automatisk i tillegg. Det med enkelt brytar for å slå av alt i ein sone vil verta montert. Det sparar mykje tid og irritasjon. I tillegg ønskjer eg å kutta straumen til utstyr om natta. Her er vel kanskje kabla løysing frå elektrikar enklast.
  22. Komlo

    Dumt smarthus?

    Godt å veta at dimmarar/brytarar frå Fibaro fungerer utan hub. Varmestyring manuelt på termostat bør vel og fungera? Er rpi raspberry pi? Fantastisk bra forum, med særs god hjelp for ein grønskolling?
  23. Komlo

    Dumt smarthus?

    20 månadsløner er vel kanskje å ta litt i, men det er dyrt. Ny innmat i pc samt ups i tillegg er heller ikkje gratis. Domoticz? Gratis? Spanande... Vil z-wave dimmarar og brytarar montert i veggboks bak "vanlege" dimmarar/brytarar slutta å fungera ved nedetid på hub? Alle? Ingen? Nokon? Altså at eg ikkje får slått av/på lys med brytaren? For min del er det heilt uaktuelt å installera noko som ikkje kan overstyrast manuel i alle tilfeller, så lenge huset har straum.
  24. Komlo

    Dumt smarthus?

    "Fortset alle scenario å gå som normalt? Nei. Uten hjerne, ingen reaksjon. " Eg antar at manuell styring fortsat vil fungera? Altså alle brytarar osv. Eg er i utgangspunktet skeptisk til at det gamle vraket av ein pc må stå å dura og gå konstant for at ting skal fungera. I alle fall utan omfattande oppgradering. Eg er for så vidt skeptisk til å måtta ha ein pc gåande konstant i det heile. Det er mykje klur og mykje som kan gå galt. Og med mitt tålmod med pc er det vel fare for at den ryk ut vindauga når det oppstår problem. Då står eg fort utan "smarthus". Kanskje komplett pakke med huv er tingen for meg, i alle fall i første omgang.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.