Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Garegaupa

  1. OK, då er eg tydelegvis ikkje den einaste som slit med dette. Det som var så greitt med den nye er at det vart noko meir "plug and play" i høve til at eg har sett Altibox-heimesentralen i brumodus og brukar UniFi Security Gateway Pro 4 i staden. Då treng eg ikkje å tenkje på oppsett i høve til kva som er kopla til kor. Men viss ikkje eg får Modell A til å fungere betre for meg i tida framover så vurderer eg sterkt å byte attende til Q22 sjølv.
  2. Me oppgradera for ei tid sidan frå Huawei Q22 til Altibox Modell A heime hjå oss. Eller, oppgradering og oppgradering, fru Blom... Me har store problem med stabiliteten på Modell A. Spesielt er NRK-appen syndaren. Denne hengjer seg opp eller krasjar heile tida. Dessutan opplevast heile dekodaren generelt veldig treg. Me har prøvd det meste av forslag frå Altibox kundestøtte, inkludera å byte både kablar og heile dekodaren. Ingenting har hjelpt. Er det fleire som opplever dette? Sjølv om eg ikkje er nokon Huawei-tilhengjar så kjenner eg at eg saknar Q22...
  3. Ingen? 😊 Det skal visst ikkje vere enkelt å finne ut av dette her... 😅
  4. Hei, folkens! Eg er på utkikk etter å finne ein vegg- eller takmontera viftekonvektor som kan passe i hop med ein MCO Home Fan Coil Thermostat for Z-Wave: https://www.proshop.no/Smarthus/MCO-Home-Fan-Coil-Thermostat-2-pipe/2719201 MCO Home vil ikkje svare på dette, og røyrleggjaren eg brukar slit med å finne ut av det. Så vidt eg skjønar så treng eg ein enkel, "dum" viftekonvektor som har innstillingane av/på og låg/medium/høg vifteinnstilling. Eg har kikka på noko forskjellig, men korleis kan eg vite sikkert kva som vil fungere og ikkje? Flott viss nokon her har nokon innspel som kan få meg vidare i prosessen, og/eller har personleg erfaring med noko som fungerer.
  5. Takk for svar, folkens! Leiinga i selskapet gjekk for den enkle løysinga med å berre kjøpe inn nye Mill-pluggar og krysse fingrane for at det går bra så lenge som mogeleg... Men då har eg i alle fall gjort mitt, samt at eg har ein indikasjon på kva eg vil satse på sjølv og ikkje når det måtte verte aktuelt.
  6. Heisann! Me har eit gammalt kontorlokale som berre er i bruk delar av vinterhalvåret. Når der ikkje er folk på jobb der så er det ynskjeleg at temperaturen berre står på eit absolutt minimum for å unngå at vatnet frys, men det er ynskjeleg å kunne justere temperaturen via app slik at ein kan få skrudd opp varmen i grei tid før ein kjem på jobb. Mogelegheit for nattsenking er òg ynskjeleg for å spare straum. Fram til no har me løyst dette med bruk av dei opphavlege, gamle panelomnane og smartkontaktar frå Mill. Dette har synt seg å vere ei veldig dårleg løysing. Mill-pluggane ramlar ut av nettet rett som det er, og fleire av dei har plutseleg berre slutta å fungere. I tillegg har me opplevd dei som tungvinne å setje opp. Me ser føre oss at løysinga no må vere å byte omnar til noko med innebygd Wi-Fi og appstyring. For min del må eg seie at eg har fått Mill langt opp i halsen basera på dei problema me har hatt. Men Mill-omnar med alt innebygd er kanskje betre enn desse pluggane? Er det andre merke som er betre? Eg veit i farten om Adax og Nobø, er desse meir stabile enn Mill? Med Nobø må ein vel ha ein eigen hub?
  7. Eg har no over lengre tid prøva å inkludere ein EasyAccess-lås med Zigbee-modul i Futurehome. Denne låsen står på ei dør i kjellaren. No har eg prøva alt mogeleg, inkludert byte av Zigbee-modul, men klarar ikkje å få inkludert låsen. Eller, rettare sagt, eg får inkludert den viss eg tek smarthuben med meg ned i kjellaren og den står "oppå" låsen under inkludering, men så snart eg flyt huben tilbake til der den skal stå (i andre etasje) så får den ikkje kontakt meir. Eg har fleire Zigbee-einingar på fast straum i nærleiken. Avstanden mellom hub og lås er kanskje 10-11 meter, maks. Då må signalet gjennom to tregolv og ein trevegg. Eg har ingen problem med å få kopla opp verken Z-Wave eller Zigbee elles rundt i huset, men med ein gong eg kjem ned i kjellaren skjer det noko rart. No i dag prøvde eg å setje huben på golvet i stova. Då er den cirka to meter frå smarthuben, gjennom eitt tregolv. Ikkje tale om at den klarar å få kontakt og inkludere låsen. Det eg la merke til i dag som var noko snodig er at eg får null Wi-Fi-signal på telefonen i kjellaren (i stova, rett over kjellaren, har eg omtrent fullt signal). Det får meg til å tru at her er ein samanheng sidan både Wi-Fi og Zigbee nyttar 2,4 GHz-bandet. Men kva i den vide verda kan det vere med denne kjellaren som gjer at alt av signal vert stoppa på denne måten? Kjellarmurane er ein kombinasjon av lecablokkar og innmura naturstein. Eit par plassar er dei metertykke, men taket over kjellaren er i tre, og signalet treng ikkje gå gjennom mur nokon plass for å nå smarthuben. I golvet er det vassboren varme. Dette er same typen golv som signalet ikkje har noko som helst problem med å gå rett gjennom elles i huset. Er det nokon som har den minste aning om kva som kan skape slike problem som dette? Det einaste eg kan tenkje meg er at der er ein ståldragar oppunder kjellartaket, men denne skal då ikkje kunne suge til seg alt av signal på mystisk vis? 🤔 Rekkjevidda mellom hub og lås er vel ein tiandedel av det Zigbee teoretisk skal kunne klare, så det bør ikkje vere noko problem (reknar ein med andre Zigbee-einingar på fast straum som kan fungere i mesh så kan ein halvere denne avstanden). Alle forslag og idear vert mottekne med takk! 🙂 Eg kjenner eg begynner å verte rimeleg rådvill no...
  8. Dette er noko fleire av oss Futurehome-brukarar slit med. Vonleg kjem der ein fiks på det etter kvart. Som du ser av dette forslaget på Canny så er me mange som ynskjer ei endring her: https://futurehome.canny.io/issues/p/gjenomsnittstemperatur/
  9. Det hjelpte her hjå oss, i alle fall. 🙂
  10. Det var det eg tenkte, ja. Takk for avklåringa! 👍
  11. Eg har ein liggjande som heiter 3.06, men eg trudde det var den nyaste. Eg legg denne med som vedlegg til innlegget, så kan du sjå om det er rette utgåva eller ikkje. 🙂 Z-Therm2_slave_enhanced_232_OTA_ZW050x_EU_v3.06.otz
  12. I dag har der oppstått eit noko snodig problem hjå oss. Eg har i alle fall aldri opplevd liknande. Me har hatt ein Fibaro Dimmer 2 som har vore tilkopla eit ubruka takstikk over lenger tid (den har altså vore tilkopla Futurehome Smarthub, men ikkje vore i bruk på kanskje eitt års tid). I dag fekk eg endeleg skrudd opp den taklampa som skulle vere tilkopla dette stikket. Ei stund etter at lampa var montera og sett i stikkontakten så begynte ljoset å slå seg av og på av seg sjølv i hytt og gevær. Eg har køyrt tvungen kalibrering (parameter 13, lengd 1, verdi 2 - har Bypass), og eg har prøvd å ta sikringa. Ingenting av dette har hjelpt. Pæra som står i lampa er ei vanleg SG E27 Dim to Warm som me har i stort sett alle andre lamper i huset, og denne har aldri skapt problem opp mot Dimmer 2 før. Nokon som har opplevd noko likande og/eller har den ringaste idé om kva som kan vere gale…? 🤔
  13. Jau då, eg kan hogge så mykje ved eg berre orkar utan å betale ei krone ut over diesel til traktoren og bensin/sagkjedeolje til motorsaga. 😎 Vedomn med vasskappe er nok ikkje så dumt det heller. Noko hyggjelegare inngangsbillett økonomisk sett, i alle høve. 🙂
  14. Ikkje så dumt det. 😉 Som lukkelege eigarar av ein slik som dette tenkjer me svært lite på straumprisar heime hjå oss: http://www.etanorge.no/produkter/vedkjele-eta/ Me brukar ikring 600 kWh med straum per månad på eit hus med cirka 235 m2 bruksareal.
  15. Eg vurderer å bruke Tibber-bonusen min til å kjøpe ein Netatmo vêrstasjon. Difor ville eg berre dobbeltsjekke at der ikkje er noko ny utgåve av denne på trappane, så eg ikkje "kastar bort" bonusen på eit utgåande produkt. Eit kjapt søk på nettet får ikkje fram noko som får meg til å tru at her er noko nytt på gong. Sidan det er såpass mykje velinformera smarthus- og teknologifolk her på forumet så tenkte eg for sikkerheits skuld eg ville høyre med dykk òg: Er det nokon her som har høyrt rykte om kommande nye utgåver av desse vêrstasjonane nokon plass? 🙂
  16. Akkurat. Det trekkjer ned att ein del, heilt klårt.
  17. Ja, det er dette eg går og lurar på sjølv... Den tilkoplinga eg har no med VLAN og greier er noko ustabil, så for min del så er det ein grunn. Ein annan ting er at det er snertent å kunne leggje inn Google-appar rett på dekodaren. Om desse to tinga er verdt nesten femten hundre kroner er ei anna sak. ☺️
  18. Eg kan stadfeste dette. Det er slik eg har det per i dag. Så eg har to kablar ut frå sentralen, ein inn på UniFi USG (Internett) og ein inn på UniFi-svitsjen (fjernsyn), og så sender eg fjernsynssignalet ut på eige VLAN. Så slepp ein tydelegvis dette med Modell A.
  19. Heisann! Eg vurderer å byte frå Altibox Q22 til Altibox Modell A. I den samanheng så er det to ting eg lurar på: På nettsidene til Altibox står fylgjande: "OBS! Dersom du ønsker kablet tilkobling når hjemmesentralen din står i bromodus (Sjekk på Mine sider), så må boksen ha kablet tilkobling til utstyret (Google Nest, ekstern router, switch etc.) som er tilknyttet internettporten på din hjemmesentral." Eg har per i dag sentralen i brumodus grunna at eg brukar UniFi-utstyr. For Q22 må eg difor bruke VLAN for å få kopla denne til ein fjernsynsport på sentralen. Er det rett oppfatta at eg ikkje vil behøve å gjere dette lenger med Modell A, altså at eg berre treng Internett-signalet og ikkje fjernsynssignalet? Er der i så fall nokon ulemper med å gjere det slik? Viss eg har gjort opptak av ymse fjernsynsprogram på Q22, vil eg framleis ha tilgang til desse viss eg byter til Modell A? Eg ville tru svaret er ja sidan dei er lagra i skya?
  20. Ingen fare, det er lov å ta feil. ☺️ Takk for tipset uansett! 👍
  21. Er det nokon her som har prøva Victor Smart-Kill? Kunne tenkt meg ei elektronisk musefelle med app-varsling, og dette ser ut som det einaste alternativet her på berget. Eg ser den får litt dårleg omtale for byggjekvalitet, batteriforbruk i kulda (tenkt bruka i kald kjellar) og dårleg WiFi-rekkjevidde. Det kunne vore interessant å høyre viss nokon her har positive eller negative erfaringar med desse. 🙂
  22. Modusbrytarane er selde. Då var det berre rekkjeviddeforlengjaren att. 😊
  23. Hm, dette var ikkje greitt... 😕 Vonar dei enten ombestemmer seg, held systemet i live lenge, eller at nokon andre kjem opp med eit godt alternativ...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.