Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

echoromeo

Medlemmer
  • Innlegg

    24
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av echoromeo

  1. Spennande @omw! Eg skal prøve å få sett på det i løpet av dei næraste dagane. Har lyst å forstå endringene som kjem inn sånn at eg kan fortsette å vedlikeholde sjølv i tilleg, men denne er såpass stor at det kan ta litt tid. Eksisterande logikk er ikkje nødvendigvis den beste, så det er muligens like greit å rive den ut og tenke nytt? Det er fortsatt slik at huben disconnectar frå nettverket ein gong i døgnet? Eg huskar det var hovudmotivasjonen for at vi la inn reconnect ein gong i tida. @stigvi, ja vi har litt å gå på når det gjeld utviking/release. Eg eksperimenterte litt med å ha en develop-branch som hovedbranch og en master for stabile greier som vi ofte gjer på jobben min, men det funka ikkje slik eg ville i github så eg må gjere litt meir research. Nokon som har anbefaling eller link til anbefaling på best practice på slike github-prosjekt?
  2. Takk til dei som hjalp til (og gav meg eit spark i rett retning)! Det blir forhåpenligvis litt lettare å holde kontroll på når det kjem breaking changes også no, sidan eg berre oppdaterar HA ein gong i kvartalet sånn ca..
  3. Det er vel @Terje som skal ha mesteparten av æra for at APIet vart offentlig, og det ser ut som det var eit stort tap for oss at han bytta jobb. Gjengen som svarte på mail etter det virka ikkje spesielt interesserte i å hjelpe til med utfordringene mine med pynobo. Men det skal seiast at det har gått eit år eller meir sidan sist eg prata med dei, så det kan vere at dei er meir begeistra for nerdedelen av kundemassen no. Og eg har trua på å ta kontakt personleg med konstruktiv kritikk, eg kom med tilbakemelding til (les: masa på) Terje i 3-4 år både om forbedring av app og åpning av API. Etter at dei klarte å implementere fornuftig overstyring/låsing både globalt og for enkeltsoner så er eg veldig fornøgd med både app og muligheitene som APIet gir, til tross for at det er åpenbart at APIet i utgangspunktet ikkje var designa for å bli offentliggjort.
  4. Det var rart, sidan command on/off er optional skulle dei berre ignorerast når dei ikkje er lagt inn i konfigurasjonen. Eg var utaktisk nok til å godkjenne pull-requesten sjølv om eg var vekkreist på juleferie så eg får ikkje debugga før over nyttår.
  5. Eg er veldig usikker på kor mykje jobb det er, og muligens om det ein dealbreaker at pynobo kjører threading? Eg har lenge tenkt at steg 1 er å legge pynobo inn i pypi og importere derifrå i standen for å hente den som en git submodul, noko som førtst og fremst er ein dokumentasjonsjobb. Eg starta såvidt på det for et års tid sida, men sidan den gong har jobbinga med dette havna litt longt nede på prioritetslista..
  6. Hei, det har vore stille lenge frå meg no, men pull-requesten frå @stigvi gjorde at eg vakna litt. Takk for innsatsen! Det vart litt rot med merginga så eg pusha eit par ekstra commits etterpå. I tilleg la eg inn en pull-request på pynobo slik at request for temperatur returnerar None i stadenfor 'N/A', men når det blir godteke skal det forhåpentligvis ikkje gjere anna enn at to linjer i hanobo er overflødige. For dei som har oppdatert til siste versjon av min fork av hanobo og ikkje forstår kvifor ting ikkje funkar, så er det fordi Operasjon og Preset no er endra og diverse automasjonar mest sannsynlig må endrast: Endre til Normal - Sett Preset til "Ingen" eller sett Operasjon til "Auto" Endre til Eco - Sett Preset til "Øko" Endre til Comfort - Sett Preset til "Comfort" eller sett Operasjon til "Varme" Endre til Away - Sett Preset til "Borte" Når Operasjon er "Auto" så kjem Preset til å vise kva ukeprogrammet er akkurat no, når Operasjon er satt til "Varme" så blir modus overstyrt med den innstilling som er satt med Preset. Eg bør legge dette inn i readmeen.. Eg klarar ikkje å forstå at eg ikkje har fått med meg epostvarsela på innlegga som har komt sidan sist eg var innom her, beklager det!
  7. Ja absolutt, om eg forstod dei her korrekt: https://github.com/home-assistant/home-assistant/pull/23899, https://developers.home-assistant.io/blog/2019/07/03/climate-cleanup.html Fordelen er at det ser ut som endringene er meir eller mindre perfekte for å forbedre hanobo. Eg er på jobbreise neste veke og så ferie så eg kan ikkje love noko fortgang i fiksing.
  8. Hei! Beklager fråværet, eg har ikkje fikla med Home Assistant på lange tider (det har berre funka) og dermed heller ikkje oppgradert frå 0.90 før no.. Det er nok ikkje siste gong eg kjem til å være litt avkobla prosjektet, så eg set stor pris på at folk som @olloe hjelper kvarandre (og meg) med å finne løysingene. @NoKeRse, eg klarer ikkje sjå forslaget ditt på github, kan du vise/sende meg ein link til kor du la det inn? Eg har committa manifestet til @olloe no, og kjem til å oppdatere det seinare når eg har fått sett meg inn i korleis det fungerar.
  9. Hei! For dei som har hatt problem med hanobo etter oppdatering til HA 0.89 så skal det være fiksa no. Det er viktig å legge merke til at ein må bytte namn på mappene, tidligare var det custom_components/climate/nobo_hub.py, dette må no være custom_components/nobo_hub/climate.py @olloe, eg såg litt på dette no og eg er einig, eg får det ikkje til å fungere som forventa. Om eg gjer som forklart og kopierar heile climate så forventa eg at eg berre kunne endre følgande endring: #frå from homeassistant.components.climate.const import (SUPPORT_OPERATION_MODE, ATTR_TARGET_TEMP_LOW, ATTR_TARGET_TEMP_HIGH, SUPPORT_TARGET_TEMPERATURE_LOW, SUPPORT_TARGET_TEMPERATURE_HIGH, STATE_ECO) from homeassistant.components.climate import ClimateDevice #til from .const import (SUPPORT_OPERATION_MODE, ATTR_TARGET_TEMP_LOW, ATTR_TARGET_TEMP_HIGH, SUPPORT_TARGET_TEMPERATURE_LOW, SUPPORT_TARGET_TEMPERATURE_HIGH, STATE_ECO) from . import ClimateDevice men eg får error på siste linja heile tida og har ikkje peiling på kvifor. @chr85, kan du sjekke om du får siste versjonen av hanobo/dev_zone_temperature til å funke med nobø switchen? eg gjor ei lita endring på pynobo/dev_comp_zone_temp som eg håpar fiksar ting.
  10. @olloe, ja eg er einig. Eg vil helst ha automatikk på dette, for eksempel gjennom filtrering på del av serienummer, men plan B for være manuell konfig. Nei det er ikkje noko info om av/på i APIet no, men det kjem kanskje i ein framtidig versjon sidan komponentbeskrivelsen har følgande setning: "Status: Not yet implemented - always set to 0." Kva den statusen eventuelt kjem til å vise i framtida er ukjent. Dessverre så viser det seg at vår svært hjelpsomme inside man har bytta jobb, så eg fryktar at nivået på kundeservicen kjem til å dale litt framover.
  11. Eg fikk ikkje lov til å rapportere "N/A" som temperatur til HA, så eg satte den til -274 sidan det er ein ugyldig temperatur. Hmm, det blir ikkje lett å debugge dette. For å vere på den sikre sida, du har satt Nobø Switchen som tempsensor for Kjellerstue? Om du har studert it for 10 år sidan så har du meir enn nok skills til å sjå på litt pythonkode https://www.w3schools.com/python/
  12. @olloe, ja, jo, det bør kunne gå, men hanobo bryr seg for øyeblikket kun om soner, så då kan det bli litt forvirrande om ein har fleire typar termostater i samme sone? @Terje, Er det mulig å identifisere component, og dermed termostattype, basert på serienummer? @chr85, eg har ikkje nokon nobø switch så du må teste for meg: https://github.com/echoromeo/hanobo/tree/dev_zone_temperature Om du ikkje brukar git til å hente ned branchen så må du også manuelt bruke denne branchen av pynobo: https://github.com/echoromeo/pynobo/tree/dev_comp_zone_temp
  13. Takk @Terje for superrask og grundig forklaring. Det einaste oppfølgingsspørsmålet eg har då er når blir temperaturen frå ovnane tilgjengelig? hanobo + homeassistant + google home går nok fint, muligens alt no. Eg har ikkje starta med stemmestyring endå. Eg har laga ein eigen tråd for pynobo/hanobo, sidan denne tråden egentlig bør være litt meir generell Nobø. Men for å forsøke å avslutte det som ikkje er løyst i denne tråden: @arneram, kan du vise meg kodelinjene før og etter du endra dei? @olloe, kjekt å bli satt pris på! Ja, hanobo kjører i polling mode no og oppdaterast med eit ukjent intervall. Eg har ein mistanke om at det var dette @omw ville endre på ved å legge til støtte for callbacks. Overstyringa er for tida av typen 'NOW', så den går tilbake når ukesprogrammet endrar seg. Eg gjorde det først og fremst for å teste og sjå at ting funka, men eg har hatt tanken at tomme ukesprogram gjer at 'NOW' burde funke greit. Det blir nok ganske komplisert å implementere dei andre typane. @olloe, @Brian P, Aha, I see where my instructions were wrong. If you had done a git clone it will pull everything, but when you download a zip it looks like you need to download them separately. I will update the readme, sometime in the future.
  14. Tråden for diskusjonar og spørsmål rundt pynobo - https://github.com/echoromeo/pynobo Diskuter gjerne alternative prosjekt og prosjekt som brukar pynobo, som for eksempel hanobo, https://github.com/echoromeo/hanobo, som er eit forsøk på ein Home Assistant implementasjon. Tidlegare diskusjonar rundt pynobo, hanobo og APIet til Nobø Hub finnast her: Link til Nobø Hub og nedlasting av siste versjon av API pdf: https://www.glendimplex.no/produkter/varmestyring/11123610/noboe-hub/c-77/p-330
  15. @Terje, eg har eit par nye API-spørsmål: 1. Eg vart litt forvirra når eg starta å sjå på henting av temperatur for ei sone. Structen for Component har Temperature sensor for zone, men ingen faktisk temperatur. Når eg ser på Struct data example så er Active override Id satt til 23, men den skal i følge struct composition være -1, Er det ein copy/paste feil i beskrivelsen av Component? Dette er eit ganske heftig halmstrå å prøve seg på, men om eg har rett så blir eg veldig fornøgd. 2. Gjer eg rett i å forstå APIet slik at status på vindu-/dørsensor ikkje er tilgjengelig? En herremann på github som spør: https://github.com/echoromeo/pynobo/issues/12 *Beklager litt mykje posting i dag folkens, men det er for det meste separate tema.
  16. Testa på HA 0.84.6, og eg ser ingen behov for å endre på noko i import. Kan du være litt meir spesifik på kva som måtte endrast og kvifor?
  17. Takk for info @arneram, eg skal fikse når eg får oppdatert til siste versjon av HA. Kom nettopp heim frå juleferie. Takk for skryt!
  18. hi @Brian P, It looks like you did not input the serial? It is commented out. You must have the serial, you do not need the ip unless you have more than one nobø hub. If you want to use the ip you must use lowercase "ip_address". My comfiguration looks like this: climate: - platform: nobo_hub host: 255 When you get it up and running, please let me know if you get the same issue as I have: https://github.com/echoromeo/pynobo/issues/9
  19. Som lovd: https://github.com/echoromeo/hanobo Eg har berre visning/endring av sone og eco/comfort temperatur, men sidan eg ikkje har digital styring på mine termostatar så veit ikkje eg om det faktisk fungerar. Det er litt delay frå ein sender ei overstyring til status faktisk blir oppdatert, sidan oppdateringsfunksjonen er uavhengig av overstyringsfunksjonen. Eg ser for meg at det er den beste måten å styre frå HA, men akkurat no når eg testar så er min implementasjon med OVERRIDE_TYPE_NOW.
  20. Hei, Beklager stopp i framgongen, det er desverre slikt som skjer av og til. Vi tek gjerne imot hjelp til vidare utvikling! Når det gjeld HA-implementasjon så merkar eg at eg er på endå tynnare is enn på pynobo. Eg skal prøve å få laga eit repo med det i løpet av helga, men eg er veldig interessert i å sjå kva du har fått til @omw Eit anna problem eg har er at når Nobø Huben kjører sin daglige restart så blir den av og til ikkje funne av routeren igjen, og einaste måten eg klarer å få kontakt igjen er å restarte routeren. Nokon andre som har hatt samme problemet? (Eg fikk av ukjent grunn ikkje varsel på posting i tråden i oktober, så eg er visst endå treigare på responsen enn eg trudde)
  21. @olloe, intil vidare må du nok eksperimentere sjølv sidan eg ikkje har fått det stabilt opp å kjøre på HA endå. er eg på inneklemtferie til over pinse, så det blir lite framgong med det første. Takk @Terje, nydelig med søkbart!
  22. Terje, eg vart litt forvirra av beskrivelsen av Week Profile i APIet: "NOTE: The status here is not the same as status for an override. Mapping of statuses: STATUS_ECO 0 <---WEEK PROFILE STATUS 0, STATUS_COMFORT 1 <--- WEEK PROFILE STATUS 1, STATUS_FROST 2 <--- WEEK PROFILE STATUS 2 (AWAY), STATUS_OFF 3 <--- WEEK PROFILE STATUS 4 (OFF)." Kva er override status? Eg lurte på om det var ein skrivefeil for override mode, men der står det endå ei ny rekkefølge: "Either 0(Normal), 1(Comfort), 2(Eco) or 3(4way)" Mvh. ER
  23. Takk for svar! Litt forvirrande, men eg skal nok klare å komme meg rundt det på eit vis. Takk, med god hjelp frå cplevy ser det ut til at vi har noko som kjører relativt fornuftig i python no. Mine ovnar har dessverre ingen termostatar med rapportering/kontroll av temperatur, så i utganspunktet er målet få til ein custom component i Home Assistant som kan vise Mode for kvar sone, med muligheit for å overstyre til Comfort/Eco/Away.
  24. Hei, Eg har starta på eit python-prosjekt for APIet: https://github.com/echoromeo/pynobo Akkurat no har eg støtte for broadcast discovery, tilkobling med keep-alive, parsing av info i dictionaries og sending av overrides. Målet mitt er å få laga til ein komponent for Home Assistant, men sidan eg heilt fersk på HA så tenkte eg det var best å starte med noko meir generelt først. Kom gjerne med tilbakemelding og bidrag til forbedring og utviding! Terje, når det gjeld APIet så har eg eit par spørsmål: Gjer eg korrekt i å påstå at en local override har prioritet over global? Det virkar som at den einaste måten å disable ein override er å lage ein ny override med Mode 0(Normal), eller har eg misforstått? Er det ein tanke å legge inn R03 - "Removes an override"? Og kvifor er Active override id deprecated i zones? Den hadde gjort det mykje enklare for meg å holde styr på kva soner som er overstyrt på kva måte. Ellers synest eg så langt at det meste er oversiktig og greit, bortsett ifrå at Command Set ikkje er søkbart, relativt frustrerande for ein flittig brukar av ctrl-f. Mvh, ER
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.