Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Zulboom

Medlemmer
  • Innlegg

    84
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zulboom

  1. Då er det visst 30% romjulsrabatt på smarthusprodukt frå Namron. Har ingen erfaring med desse produkta sjølv, men tenkte kanskje folk kunne ha interesse. Tilboda varar til og med 31. desember, og dei har visst gratis frakt ut året.
  2. Etter å ha flytta til ny leilegheit med felles heittvatn fekk eg ein Fibaro Relay Switch til overs som eg brukte på vvt i forrige leilegheita mi, saman med eit DIN-adapter slik at du kan montere den i sikringsskåpet ditt. Kan sikkert bli einig om pris om du er interessert. Då slepp ein å ha "pilla" inni ein trang veggboks i tillegg (forutsett at du har plass til 2 modular i sikringsskåpet ditt og at vvt har eigen kurs, noko eg verkeleg håpar).
  3. Admin får velge om det heller blir oppretta ein ny tråd med tittel "Homekit-plugins til Homeseer. Yes more ". No har det seg faktisk slik at eg dette fins jo løysingar for, både gratis og gode!! Her kjem ein kort oppsummering av kva Apple Homekit er, kva eg nyttar det til og korleis eg har fått det til å funke. Men før eg byrjar må eg innrømme at dette er den tingen i heile smarthuset som har høgast WAF! Grunnen til at eg vart nysgjerrig på det var at me flytta inn i ny leilegheit der det var solskjerming og fjernstyrte takvindauge frå Velux som kun støtta Apple Homekit, og dette måtte eg jo få inn i HomeSeer, sjølvsagt. Om Homebridge m/ HomeSeer-plugin: Er ein måte å integrere ting som vanlegvis ikkje støttar Apple Homekit (Apple Hjem-app), som t.d. HomeSeer gjennom HomeSeer-pluginen, men og for å bruke ting som støttar Homekit men ikkje HomeSeer. 2-vegs-kommunikasjon vha. ASCII-kommandoar gjennom port 11000. PC-softwaren Homebridge blir som ein «Bridge» i Apple Hjem-appen (på same måte som Velux-huben me har for solskjerming og), men ein må ha ein Apple TV eller iPad som «verifisert hovudbridge» for at du skal kunne nå ting utanfrå (utanfor lokalt nettverk). HomeBridge har eit web-UI med standardport 8581. Link: http://localhost:8581/, evt. http://IP_til_PC:8581/ Config i HS3-enden (utfør før Homebridge-installasjon): ASCII commands (rett under JSON): enable Control port: 11000 Installasjon av Homebridge: Følg instruksjonar på https://github.com/homebridge/homebridge/wiki/Install-Homebridge-on-Windows-10 og kom deg inn i web-ui Installer plugin «Homebridge Homeseer4» på http://localhost:8581/plugins (OBS! Funkar fjell på HS3 også) Sett opp nødvendig info under plugins, settings. Legg til ein testparameter, t.d. stemninga "kosestund" eller devicen "juletre" (finn ref-ID i HomeSeer) Legg inn resterande parameterar når ein har "knekt koden" Kopling av ting som ikkje går direkte: For at ting/devices i HomeKit skal styrast ut frå HomeSeer (til dømes når me går ut døra triggar me ei scene som triggar event i HomeSeer): styr ein virtuell device som er lagt inn i ein "automasjon" (event-motoren i HomeKit) som igjen stenger alle takvindauga. Alternativt: når me legg oss triggar me ein event "God natt", som slår på den virtuelle devicen "Pause Apple TV" som pausar Apple TV-en gjennom ein automasjon i HomeKit og deretter skrur seg den virtuelle devicen av att (og så slår Apple TV-en og TV-en seg automatisk av etter 10 minuttar). Har endå ikkje praktiske eksempel frå Apple Homekit-->HomeSeer, men de forstår sikkert moglegheitene. Status per no: Styrer stemningar og lys frå Siri på telefon, klokke og Apple TV Les av temperatur og luftfuktigheit i alle rom i eit veldig fint og enkelt grensesnitt på telefonen Madamen har fått satt opp sine eigne events ("automasjonar") og storkosar seg med det! ... og ikkje minst: styrer kaffitraktaren frå klokka 😜 Kan sikkert legge ut litt skjermdumpar om det er av interesse. Skrik ut om de treng hjelp!
  4. Pga. overgang frå stort 5.1-system med låg WAF og dedikert forsterkar mm. til Sonos-anlegg og Apple TV tilkopla direkte til TV så er Logitech Harmony Elite-systemet mitt no redundant. Kjøpt for ca. 2,5 år sidan. HS3-plugin (MeiHarmonyHub) kan følge med ved interesse. Alt føl med, bortsett frå eska den kom i. Sjå bilete nederst. Pris: kr. 1000,- + evt. frakt. Kan leverast kostnadsfritt innanfor Oslo.
  5. Ny leilegheit, nye moglegheiter. Bad og toalett har varmekablar styrt av Z-TRM2fx med golvfølarar, medan dei to radiatorane som skal stå for hovudoppvarming i gang, stove og kjøken (+ sleppe inn litt varme på soverom x2) har justerbare ventilar med skala 1-10. Desse radiatorane ønskjer eg no å smartifisere, dette kun av komforthensyn sidan det er fastpris på fjernvarmen i burettslaget per dags dato uansett. System: HS3 med UZB1, Windows. Krav: Z-wave og moglegheit for styring med ekstern temperatursensor (har slike liggande som eg har tenkt å sette opp i alle rom), til dømes via events/virtuell termostat i HS, men det blir nok grei skuring uansett kva type radioatorhovud/termostat ein vel (eller..?). Det skadar heller ikkje om den støttar "wake-up" for å oppnå kjappare styring enn til dømes faste 15 minuttar-intervall. Kva erfaringar har de med dei forskjellige radiatorhovuda/temormostatane? Kva vil vere det beste valet for min installasjon?
  6. Hmm. Det ser jo ut til at den er på nettlager no i alle fall (50+) og at kampanjen varar ut september. Sjå 2x skjermdumpar frå Kjell:
  7. Det kan vere så enkelt som at lasta blir så liten at den ikkje klarar å dimme pærene. Uansett: prøv å bytte ei av dei nye LED-pærene med ei gammal halogenpære og sjå om det går fint. Då kan det å kople inn ein Fibaro Bypass 2 vil gjere susen. Korleis er dimmaren kopla opp med mating? Begge fasane (ved TN-nett: L+N), såkalla 3-wire connection i brukarmanualen? Kun kopla på eine fasen, såkalla 2-wire connection? Dette kan vere relevant fordi ved 2-wire connection må dimmaren ha ein viss straum gjennom kretsen for å klare å mate seg sjølv, sidan den i praksis er seriekopla med pærene.
  8. Eg køyrer i dag HS3 med blant anna 8 stk Fibaro Dimmer 2-nodar, 2 stk Heatit-termostatar og god dose Ikea-nodar via Zigbee. I forbindelse med flytting til ny leilegheit om 4-5 veker skal eg late dei 8 stk dimmarane stå igjen til ny eigar, men resten av installasjonen blir med vidare. Så då kjem det nokre spørsmål: Er det berre å late dimmarane stå igjen, montere nye dimmarar av samme type i ny leiligheit, bruke "replace node"-funksjonen på dimmarane, og så skal det meste vere oppe å gå igjen utan styr? F.eks. scenestyring (Z-wave-parameter 28) er deaktivert som factory default. Vil dette også måtte settast opp på nytt? Bør eg køyre backup+restore av UZB1'en for å tvinge gjennom ei ny oppbygging av Z-wave-nettverket? Eg har nok sannsynlegvis ein blanding av secure- og nonsecure innkludering av nodane i dag. Sidan eg ikkje har låsar eller andre tryggleiks-nodar uansett, burde dei alle vore inkludert som non-secure istaden for å få ned unødvendig trafikk? In case: korleis finn eg ut kva nodar som er secure og ikkje, og kva er enklaste måte å gjere dette på utan å bruke heile helga på å sette opp ting på nytt? Eg kan vel ikkje bruke replace node, då vil vel noden berre inkluderast secure/non-secure som dei var? Om de har tips til ting eg burde gjere, evt. fallgruver eg bør unngå så blir alle tilbakemeldingar sett pris på!
  9. RFXtrx433XL på Kjell.com til kr 700 til og med 14. januar. Førpris er kr 1199 på Kjell i alle fall, finn ingenting meir på Prisjakt.no. Dette er visst "nye typen", ref. sitat på Kjell:
  10. Noko seint svar, men kan hende det er til hjelp for andre som les denne seinare, om ikkje anna. Du nemner at RH (relative humidity)-verdi naturleg endrar seg over døgnet, årstid mm, og etter det eg har skjønt gjeld dette faktisk i alle rom i huset. Om du har ein annan RH-måling i huset (via ein multisensor..?) å sammenligne mot så kan du vel sette opp ein samanlikning mellom RH på badet mot RH "referanserommet"? Sjølve samanlikninga skal lett late seg gjere med plug-in'en EasyTrigger. Min bror (@bjornepappa her på forumet) har laga til noko ála denne styringa, og kan muligens komme med input på både teori om RH og korleis han har løyst det i praksis.
  11. Litt sein til festen her, men eg håpar å kunne bidra med noko positivt til akkurat denne problemstillinga med midlertidig deaktivering av automasjon ved fysiske knappetrykk. I denne kommentaren på tråden "Hva har du automatisert i dag..." så har eg laga ein beskrivelse på korleis eg løyste dette. Håper det er til hjelp. Info om Hardware-bruk: - Fibaro movement sensor - Fibaro Dimmer 2 (med aktivert Scene-kontrollering for å kunne oppfatte knappetrykk!)
  12. Aliexpress har 10stk for under 15USD. Litt leveringstid, men...
  13. Vart inspirert av denne guiden og laga min eigen versjon med JSON. Takk til trådstartar. Kode: F8::UrlDownloadToFile, http://192.168.0.140/JSON?request=controldevicebyvalue&ref=424&value=100, C:\Users\abcd\efgh\Autohotkey\test.txt F9::UrlDownloadToFile, http://192.168.0.140/JSON?request=controldevicebyvalue&ref=427&value=100, C:\Users\abcd\efgh\Autohotkey\test.txt Istaden for å bruke kommando Run brukar eg UrlDownloadToFile, som utfører JSON-kommandoen utan at det opnast eit nytt nettlesarvindauge som seinare må lukkast. UrlDownloadToFile skriv istaden resultatet frå JSON-kommandoen til ei tekstfil som eg heller kan slette etter 1000 år når den er oppe i 1MB. F8 = skru på ein virtuell device med device-ID 424 som triggar eit event som dimmar ned lyset i stova 10% vha. ein EasyTrigger-funksjon, og deretter skrur av den virtuelle devicen. F9 fungerar på samme måte, men dimmar opp lyset. F8 og F9 har eg satt til to knappar på Harmony-fjernkontrollen, som igjen er tilkobla PCen via Bluetooth og fungerar i praksis som eit Bluetooth-tastatur. OBS! For at scriptet skal fungere må det køyre på PCen. For at det skal køyre automatisk ved oppstart av PCen, legg ein snarveg til scriptet i denne mappa: C:\Users\<UserName>\AppData\Roaming\Microsoft\Windows\Start Menu\Programs\Startup Autohotkey er visst fine greier. Oppdatering: ein kan gjere det meir elegant ved å trigge event direkte med JSON-kommandoen "/JSON?request=runevent&group=GROUPNAME&name=EVENTNAME" istaden, og dermed sleppe den virtuelle devicen. Meir om JSON-kommandoar som kan nyttast med HomeSeer kan ein lese om Homeseer sine support-sider (trykk JSON Control Interface --> Controlling with JSON i venstre marg).
  14. Meget mogleg ? Skal ikkje sei meg ueinig i det. Heldigvis er ikkje brun ein farge eg vil ha på lyset ??
  15. Eit alder så lite gjennombrot. Oppdaterte JowiHue til 2.1.0.8 (usikker på om det ha noko å seie), og testa litt på nytt med JowiHue-eventen "Set lights", og oppdaga at det plutseleg fungerte med ein preset-farge. Men då eg prøvde med ein annan farge, fungerte det ikkje. Testa samtlege fargar, og fann sammenhengen mellom dei som funka og ikkje i Creativity-delen på JowiHue-setupen. Dei fargane som var definerte ed Hue/Saturation fungerte ikkje, medan Cie Color Space fungerte. Oppretta nye eigendefinerte fargar so Cie Color Space, og då fungerar det fint. Happy day!
  16. Forhåndsinfo: deCONZ 2.05.20, JowiHue 2.0.3.1. Har prøvd å finne ein måte å kontrollere fargetemperaturen på ei Ikea Trådfri RGB-pære via HomeSeer på fleire måtar, men einaste måten eg har fått det til på er ved hjelp av den grafiske fargevelgaren, sjå utklipp under. Lysstyrken får eg endra utan problem med events. Eg får ikkje endra fargetemperaturen ved hjelp av events, og eg har prøvd følgjande: JowiHue-eventane "Set lights" og "Set Scene" Control a device EasyTrigger-eventane "Set device to variable", "Set device to expression" Alle desse metodane oppdaterer tilsynelatande verdien til farge-devicen, men likevel blir ikkje fargen på lyset endra. Nokon som har tips?
  17. Ja, du må bruke beta-versjon av pluginen. Det er samme pluginen, og lisensen du kjøpte er gyldig for den også. Sjå post #3 på denne forumtråden frå Homeseer-forumet. Den er forhåpentlegvis til hjelp.
  18. Sikkerheitskopierte og klona UZB-pluggen min inn på ein reserveplugg i dag. Framgangsmåte fann eg i denne tråden. Funka fint, og var kjempelett. Om du sit med en UZB-plugg eller ein annan Z-waveplugg (det skal visst funke på fleire typar): ta kopi av minnet på pluggen. Framgangsmåten finn du i forumtråden eg har lenka til. Om den skulle streike treng du berre å laste opp minnet til ein ny plugg og så er du i gang att. Best case: kjøp ekstra plugg og ha denne liggande.
  19. Kjøpte ekstra UZB-plugg for å ha liggande worst-case.
  20. 1490 på Elkjøp no for interesserte. https://www.elkjop.no/product/smarte-hjem/taleassistent-smart-multimedia/LTHARMELITE/logitech-harmony-elite-fjernkontroll
  21. Dette var flaut, men ja, du har heilt rett ? Det høyrest jo kjempebra ut, då er det ikkje så farleg likevel. Kanskje eg berre skal stenge heile tråden? ?
  22. I og med at 350 kr-grensa forsvinn f.o.m. 1. januar 2020 kan det sikkert vere lurt å hamstre diverse småstash frå AliExpress og eBay før den tid. Kva skal de handle før det er slutt på moroa? Edit: meinte visst 1. april 2020. Takk til Zorac!
  23. Har kjøpt oppgradering til HS4 som sikkert dei fleste andre her inne på HomeSeer-delen av forumet
  24. Til info så er det framleis halv pris denne veka og, ser det ut til.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.