Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

aujawindar

Medlemmer
  • Innlegg

    4
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Hjemmeautomasjon

  • System
    Home Assistant

aujawindar sine prestasjoner

Smartplugger

Smartplugger (4/16)

  • Første innlegg
  • Samtalestarter
  • Uke én ferdig
  • En måned senere

Nylige merker

0

Nettsamfunnsomdømme

  1. Mykje god info allereie! Takk skal de ha, alle i hop. Eg reknar ikkje eigentleg med at dei gamle termostatane skal kunna samhandle med Home assistant, men det kostar lite å prøve.
  2. Kult! Det skal eg prøve. Men eg må fyrst skaffe ein Z-wave-USB-plugg, då. Eg reknar med det er betre enn ein ekstra hub.
  3. OK, takk! Då må eg altså ha ein Z-wave-plugg i tillegg til Z-water. I parentes lurer eg på om det ikkje går an å få styrt noverande gamle Uponor-sentral litt smartare: Han gjer i grunnen det han skal, nemleg å opne og lukke aktuatorar. Går det an å samtala med ein slik ein? Han har ein RJ11-port. Kort sagt: Kan me hacke ein gamal Uponor-sentral?
  4. Hei godtfolk. Eg har lese ein heil del på forumet her og lært ein god del, men ikkje nok. Difor er det tid for å stille eit spørsmål på eiga hand. Me har eit hus med enkel temperaturstyring av golvvarmen i fleire rom, og enkelte deler (termostatane) byrjar å ta kvelden. Utstyret som er i bruk no, er Uponor T-55 termostatar på 868,3MHz Uponor C-56 sentraleining/kontroller Sirkulasjonspumpe til golvvatnet 24V aktuatorar 6 golvsløyfer "Dum" Oso varmtvassberedar med indre og ytre tank (tappevatn/golvvatn) Nye termostatar tilsvarande dei gamle er ikkje å få tak i. I tillegg er systemet sjølvsagt heilt uintelligent, og styrer berre etter temperatur. Det me ynskjer, er altså Smartare styring av golvvarmen og på sikt andre deler av huset, og dermed Lågare straumforbruk og billegare oppvarming Mest mogleg gjenbruk av eksisterande utstyr. Må eg verkeleg byte ut heile kontrolleren og termostatane? Kan eg bruke noko av det? Gradvis innføring av smartstyring Lokal kontroll, ingen skyløysingar Open program- og maskinvare så sant råd, det vil truleg seia Homeassistant i dette tilfellet Helst ting som kan kjøpast i Noreg Me har Conbee II USB-til-Zigbee Ei berbar datamaskin til overs Ein gamal Raspberry Pi B til overs Me treng Temperatursensorar. Aqara? Rele til aktuatorane. Må kunna prate med ei datamaskin. Kva slag? Kva meir? Eg tek med takk imot tips, og ser fram til å lære meir!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.