Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

TurboJens

Medlemmer
  • Innlegg

    55
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    4

Innlegg skrevet av TurboJens

  1. Kjøpte leilighet ferdigstilt våren 2022, var tidleg nok ute til å kunne velge ein del ting (var berre reisverk som var kome opp på det tidspunktet).

     

    IT skap utskilt fra sikringsskap. Gull verdt. Ekstra strømpunkt 230v inni der. Her har eg egen router/fiberterminering og ein Intel pc som køyrer HA.

    Kabla nettverk til alle rom utenom kjøkken og bad. Mest doble punkt, er både på vegg til TV og ved gulv. til evt. omgjering av soverom til heimekontor.

    Kabla punkt i tak til aksesspunkt, midt i stove/kjøkken, to soverom og kabel til bod i garasje for å få skikkeleg dekning (mykje betong).

    Valgte masse ekstra spottar i forhold til det som var inkludert. Valgte ein spot eg hadde erfaring med fra før som er alt for kraftig, men dimtowarm så brukar sjelden meir enn 40%, men fint å kunne guffe opp når det skal holdast på med ulike prosjekt eller rydding/vasking.

    Valgte vanlege dimmerar som eg hadde fra før, men angra så har skifta til Namrom Zigbee dimmer (RS16 look, kan betjene med dimmehjul og zigbee)

    Litt ekstra stikkontakter (har vannbåren varme i alle golv, så treng ikkje tenke på oppvarming på 230v)

    Sentralstøvsuger (gull verdt, men blir ikkje så mykje brukt pga. robotstøvsuger)

    Trekkerør til zip-screen var planlagt pga. store vindusflater mot sør. Har brukt Namrom markisekontroller til å styre screens frå HA basert på temperatur og lux verdi frå Philips Outdoor sensor.

     

    Så er det nokre ekstra trekkerør her og der, blandt anna til sisterner for å kunne montere dusjtoalett seinare.

    Bevegelsessensor/dimmer på begge bad. Genialt, men er ikkje fornøgd med at det ikkje går å justere vinkelen på den så vurderar å 3D printe en adapter for å kunne vinkle den litt. Når ungane sitte på do klara dei ikkje å få på lyset. Har dei dårleg tid er dei komen på doen uten at sensoren har sett dei.

     

    Hugsa ikkje heilt, meina det var i størrelsesorden 80-90.000kr tillegg på el. installasjonen. Men det er det verdt.

     

    Edit: ja og ein del av desse tusenlappane ekstra, eg utvida brannvarslingsanlegget med meldarar på alle soverom. Kravet var en i tilknytning til kjøkken og en i gang utanfor soverom. Men sidan eg valgte karmar for innerdører med pakning ville eg ha varsling i alle soverom, detta er jo rein sikkerhet så det går nesten ikkje an å prioritere ned.

     

    • Like 4
    • Thanks 1
  2. Dersom du skaffar ei røykmaskin som har enten en knapp på maskina eller lang ledning med knapp du må holde inne for å lage røyk kan du erstatte knappen med ein Shelly1. Den har isolert kontakt så kan koble sammen to ledningar og imitere at den er bryteren. Samtidig har den eit vidt spenningsområde du kan strømforsyne den med, 12v, 24-60v og vanleg 230v. (Her må du lese manualen nøye om du skal bruke 12v). Eg anbefaler 12v eller 24v om du kan finne det inni røykmaskina eller med ein batterieliminator ex. https://www.clasohlson.com/no/Batterieliminator-24-W/p/39-1511 Shelly1 er litt tryggare i bruk om du unngår å koble den på 230v.

     

    Shelly1 kan du bruke på same måte til å fjernstyre garasjeporten. Dei fleste portar har 24VDC på ein skruterminal så du kan strømforsyne Shelly1 med det og så brukar du releutgangen til å koble sammen bryterinngangen for åpne lukke port. Legg inn i Shelly1 en auto-off timer på ex 500ms. Då vil kvar aktivering av Shelly1 sende en puls til garasjeporten så vil porten enten gå opp eller ned. Du kan og montere en magnetkontakt og koble den til inngangen (velg detatched mode) og då vil du få status på om porten er åpen.

     

    Så kan du bruke enhver smartplugg til strømforsyninga til røykmaskina. La av/på bryteren på maskina stå på så kan du styre den med å slå av og på smartpluggen.

     

    Så kan du bruke ditt favorittautomasjonsprogram, eg ville brukt Home Assistant sidan det er det eg har og laga en automasjon. 

    • 2stk hjelpera input_boolean: Forvarme røykmaskin og input_button Kjør røykmaskin.
    • 1 Automasjon trigges av Forvarme røykmaskin. Slå på smartplugg med en gang. Så legg du inn en timer slik at smartplugg slår seg av etter ex. 30 minutt.
    • 1 Automasjon trigges av Kjør røykmaskin, aktiver Shelly1, slå på lys, vent x sekund, aktiver garasjeportåpner, etter x sekund slå av røykmaskin, slå av smartplugg.

    Så kan du vurdere om du vil ha automatisk lukking av porten etter x sekund, men det kan jo vere problematisk så det må du nesten risikovurdere.

     

    Røykmaskina burde du kunne montere i ei hylle på veggen opp under taket, så laga du eit rør ex. takrennerør eller PE-rør slik at du kan skyve maskina inn i røret. Når du då skal fylle røykvæske treng du berre trekke den litt til side og løfte den ned for å fylle. Rørkoblinga treng ikkje vere 100% tett, røyk blir det uansett. Så kan du forgreine og legge rør dit du vil. For å justere kor mykje røyk som kjem ut på kvar plass kan du strupe litt åpningen der det kjem mest røyk.

    • Like 1
  3. Fungerar Green Power med ZHA og gjennom proxy? Eg ser at det for ex. SkyConnect står at den ikkje støttar Green Power, men den gjere det kanskje gjennom proxy?

     

    Ein kollega har ein sånn smarttag som han gjerne skulle fått kontakt med, har diverse namron og philips hue enheter, der det er ei linje under manage zigbee device der det står GreenPowerProxy så antar det betyr støtte for det?

     

    HA - ZHA - SkyConnect

  4. Eg har på ein måte fått bekrefta min mistanke om at det aldri har vore ein PC tilkobla anlegget mitt. Leverandøren sa når eg fekk Touch panelet mitt at dei hadde hatt eitt panel dei siste åra som dei hadde brukt for å sette opp anlegga og så tatt det med seg til neste.

     

    Så, då har dei lagt inn oppsett for viftehastigheter osv men ikkje gjort noko med Modbus.

  5. svinz skrev (5 minutter siden):

    Hva gjør folket her med styring av temperaturen i aggregatet? 

    I og med at jeg bor i et hus fra 80-tallet, så bruker jeg å senke temperaturen på natten og dagen, å så går den opp igjen før vi er hjemme fra jobb (varmepumpe). I tillegg så er det jo flere faktorer, med at man ikke vil ha for høy temperatur på soverommet, og at man ikke vil benytte varmeelementet i aggregatet til oppvarming og beholde mest mulig av varmen på stuen. 

    Noen som har noen erfaringer å dele?

    Mitt går på 22gr med varmeelement deaktivert. 

     

    Har billig gulvvarme som eg brukar til oppvarming. 

     

    Hovedproblemet mitt er egentlig å få det svalt på soverom. Er alt for godt isolert. Har over 19-20gr på soverommet uansett utetemperatur og golvvarmen er aldri på. 

  6. peroo skrev (På 15.7.2023 den 9.03):

    13. juni.

    Eg purra på telefon en gang, etter nokre veker så sende eg ein epost med utklipp av denne tråden og gav ganske så klart uttrykk for kva eg meinte om dette og når eg kom heim dagen etterpå så låg det ein heil stabel med touch panel i postkassen min :) Så en må altså berre mase og mase...

     

     

    christbj skrev (4 timer siden):

    Luftfuktigheten på badet utløste økt hastighet på ventilasjonen for en periode. Da vi dro på jobb og skrudde på alarmen ble hastigheten på ventilasjonen skrudd ned fra normal til lav - og tilbake til normal da jeg kom hjem og deaktiverte alarmen. Det er det som er mitt mål med smarthus - funksjoner som gjør hverdagen enklere og gjerne sparer energi og penger. Samtidig er det gøy når man får det til. 🙂

    Ganske likt med det eg har gjort, eg har nokre temp/humidity sensorar rundt omkring og styrer ventilasjonen ut i frå den med høgast luftfuktighet. Det fungerar alldeles utmerket, skal ikkje dusje lenge før aggregatet hoppar opp på maks og så regulerar det seg ned igjen når luftfuktigheten er nede på eit akseptabelt nivå. I all hovedsak så køyrer eg ventilasjone ut i frå CO2 nivået i innelufta (frå Netatmo) og det fungerar veldig bra. Når eg reiser vekk går det stort sett kontinuerlig på lav hastighet og då sparar eg såklart strøm. Eg har deaktivert elektrisk tilskuddsvarme i touch panelet sidan eg har gunstig vannbåren varme og vil heller bruke det til oppvarming.

     

    Einaste eg ikkje har fått laga til endå er økt tilluft ved bruk av sentralstøvsuger, tilsvarande som for kjøkkenventilatoren. Planen er å overvåke strømforbruket til sentralstøvsugaren og så automatisere resten.

     

    svinz skrev (50 minutter siden):

    @christbj: Har du lyst å dele oppsettet i HA? Jeg har bare fått kommunikasjonen til å svinge, så mangler alt det som gjør det smart. Litt inspirasjon hadde muligens hjulpet på arbeidslysten.

    Eg fulgte en guide med eit svært omfattande Node-red flow til dette, har gjort litt tilpasning for å få det til å virke slik eg har lyst, men fungerar veldig fint :)

     

    https://github.com/GMTrevis/Homeassistant-NodeRed-Systemair-VTR300

     

    Eg har eit Save VTR250 så det er ikkje det samme, men fungerar fint også på mitt anlegg.

  7. Kim123 skrev (18 minutter siden):

    Jeg kutter bare strømmen på min med en smartplugg, den starter opp igjen når strømmen kommer tilbake. Kan prøvd å nappe ut kontakten når den kjører. Har ikke automasjon på det, kun en manuell handling jeg gjorde en gang 

    Smart, eg tenkte kanskje den blei ståande å vente på hjelp. God ide, eg skal prøve :)

  8. Sånn, etter ein ettermiddag med litt testing (eg har ikkje rele på tanken, men har brytar og vore den mennesklege automasjonen og følgt med litt og slått av/på vvtanken etter slik eg ville automatisert den)

    image.png.60c11f58bd551d486cdc23d5cf87958c.png

    Så sjølv om eg og ungane har dusja og eg har laga middag og både vaskemaskin og tørketrommel har gått kvar si runde så ser det ut til at dette er fullt gjennomførbart berre eg nedprioriterar nok.


    Ser ut til at å slå av vvtanken den første halvtimen i ein time gir nødvendig ro til at releet slepp å slå seg av og på heile dagen så blir spennande detta når eg får elektriker på besøk ein gong. Det tar av og til litt tid :(

     

    Eg har ei "smart" samsung vaskemaskin, den trekker litt strøm i periodar, kunne tenkt meg å ha mulighet til å sette den på pause ei kort tid om det skulle vere behov for det. Problemet er at for å kunne styre denne så må "smart control" aktiverast kvar gong ein sette på maskina, finst det noko hack for å unngå det?

  9. Oi, her var mange gode forslag :) Eg rekke ikkje svare spesifikt på alle no, men eg trur eg må berre få elektriker til å koble opp det releet eg har og prøve meg fram. Eg sende ein mail til leverandøren for å spørje om kor ofte/mange innkoblingar dette releet tåler over tid sidan det ikkje står noko som helst i manualen og sidan det er zigbee og kan styrast av kva som helst så burde det stått noko om det. Edit: ser no at levetida er oppgitt til 20.000koblingar. Så over 10år vil det vere berre 5-6 gongar om dagen. Det er kanskje litt lite. Det er dog ved 25A, min tar under 12A så kan kanskje tåle ein del meir.

     

    I utgangspunktet blir det vel gjerne å holde vvb av eit stykke inn i ein ny time, berre for å ikkje miste kontrollen heilt. Det er ikkje noko big deal for meg om eg må opp på 2-5kWh tariff, er snakk om ca 100kr/mnd men eg likar ei utfordring.

     

    VVbereder er berre 200liter, kanskje litt mindre, den har ein coil i bunn som forvarmar vatn frå lavtemp. varmekilde (lokal fjernvarme) så det er vel omtrent 2/3 av tanken som blir varma av elementet og vatnet er forvarma til 30-35grader. Elementet står over coilen og varmar såleis berre ein liten del av tanken, derfor det går så raskt.

     

    Utfordringa kjem når ein kjem heim frå jobb, skal lage noko mat og kanskje vaske kle. Oppvaskmaskina pleier eg å sette på før eg reiser heimanfrå så det er ikkje noko sak men vaskemaskin/tørketrommel/komfyr/induksjonstopp samla sprenger desse grensene uten problem så eg tenker eg starta med eit pushvarsel til telefonen så kan eg evt. sette noko på pause om det passar meg. Både vask og tørk er smart Samsung, men veit ikkje om eg får til å pause dei uten fysisk å slå på smart control på dei først for kvar gong.

     

    Eg har brukt PID-regulator frå HACS, den fungerar heilt fint, men les veiledninga nøye og lag input_number til alle parameter slik at du kan justere det enklare. PID regulatoren frå HACS støtter ikkje quick-reload av configuration, må ta omstart av Home Assistant for å endre på ting og då nulla jo verdiane den skal styre etter og. Det er ikkje så intuitivt, men fann no ut av det når eg hadde banna ei stund.

     

    Node-red har eg og brukar til andre ting så får prøve å flytte styringa over devices over dit, sjølv om heller ikkje node-red er det mest intuitive heller frå mine tidlegare erfaringar. Men jo meir en brukar jo meir lærer vi :)

     

    Ellers så kom eg over denna, detta kunne jo sikkert enkelt (for dei som kan det) vore styrt direkte av PID regulering og gitt nærmast trinnlaus regulering av strømforbruket til tanken. Linken er desverre død.

    image.thumb.png.93364fa2e75def118818e3127c4d2cf2.png

    https://electronics.stackexchange.com/a/129404

  10. Drar opp igjen denna litt, etter mykje knoting fekk eg no detta til å fungere.. men eg har ei utfordring. Leiligheta mi er tilknytta lokalvarmeanlegg så har ingen oppvarming over egen strømmåler. Derfor tenkte eg å prøve å holde meg under 2kW tariffen. Snittforbruket gjennom døgnet er ca 550w og varierar lite gjennom året.

     

    Så, varmtvannsbereder er egentlig det einaste eg treng å styre for å klare detta men den er på 2800w så når den slår inn får eg stoore utslag på "estimert strømforbruk denne time" når det typisk ligge på rundt 300w og så kjem det ei last på 2800w oppå. Driftstida til vvtanken er berre på ca 10min når den skal kompensere for varmetapet så det utgjere ikkje så mykje, men når ungane skal bade ex. går det jo litt ekstra krutt.

     

    Nokon god ide på korleis redusere påvirkninga uten å la den slå seg av og på alt for mykje? Skal bruke eit CTM Lyng 25A tavlerele med zigbee til å styre, gudane veit kor mykje av/på det likar - det står det ikkje noko om i dokumentasjonen.

     

    I utgangspunktet tenkte eg å kombinere Priceanalyzer med detta systemet, men Home Assistant er litt ulogisk for meg, eg ser for meg ein logikk eg er vant til frå andre plassar der du kan koble fleire input til ein "logisk og" funksjon som seier at dersom både prisen er lav og det er ledig effekt så kan den slå seg på og så slår den seg av igjen når en av inngangane blir usann, uten å måtte lage kode/automasjon for det og.

  11. ZoRaC skrev (På 8.8.2023 den 10.55):

     

    Tror ikke det blir så enkelt...

    1. Tror det var elektrikeren vi brukte i 2017 som feilsøkte dette (med det samme han var hos oss og gjorde en del annet) - altså mer enn 5 år siden.

    2. Jeg finner ikke noe sted i samsvarserklæringen at det er nevnt noe om feilsøkingen (og jeg er derfor litt usikker på hvilken elektriker som faktisk gjorde det, siden vi hadde elektriker 1-2 ganger i året til å gjøre diverse).

    3. Hvis det er den elektrikeren jeg tror det var, så var det en enkeltmannsforetak som fakturerte via et AS. De fakturerte 14.000 kr for en liten jobb og halverte til slutt fakturaen 9 mnd senere når jeg klaget (jeg hørte ingenting de 9 mnd) - ikke så interessert i å prøve å krangle med han igjen.

    4. M-Tek sa at han skjønte at elektriker hadde blitt "lurt". Å "ohme" en selvregulerende varmekabel kan gi målinger som ikke "gir mening". M-Tek målte 800 Ohm, noe som ville betydd bare ca 66 watt. Da vil man nok fort tro kabelen er defekt om man bare tenker vanlig varmekabel. Jeg mener også at jeg målte spenning ut fra termostaten selv, før jeg kontaktet elektriker, så mulig termostaten var defekt på en litt "finurlig" måte og ga spenning ut, men ikke nok strøm til å "drive" kabelen...?

     

    Så jeg får nok bare bite i meg denne irriterende ekstrakostnaden... og det at vi i 6 år har irritert oss over at vi ikke har hatt fungerende varmekabler, når det lot seg løse på 1-1,5 time...  😛 

    Åja, det var såpass lang tid i mellom ja. Då blir det nok litt vanskeleg.

     

    No er ikkje eg elektriker, men hadde det vore min varmekabel så hadde eg no berre kobla den rett på spenning og sett om den virka og målt med tangamperemeter. Det verste som kunne skjedd er at sikringa/jordfeilvernet hadde trippa.

     

    Ang. samsvarserklæring så trur eg ikkje du vil finne feilsøk der, det skal vel berre dokumentere anlegget slik det er når jobben er ferdig. Kva som har skjedd i mellomtida er vel ikkje så mange som bryr seg om.

  12. Eg har ikkje samme ISP som deg, men eg har ein UniFi Dream Machine der eg fekk tak i en SFP modul med riktig bølgelengde. Så har eg ein termineringsboks for fiber med SC kontakt og så en liten patch med SC i en ende og LC i den andre enden.


    Det fungerar klokkereint, og vil aldri oppleve så stabilt nett når en har skikkeleg utstyr kontra utstyret som dei fleste ISP sende til kundane side. Der er det utruleg mykje drit.

  13. Har og kjøpt en HUE sensor, den virkar veldig bra byggekvalitet på så får vi sjå kor holdbar den er, men det går i alle fall å skifte batteria på den og dei er vanlege så kostar ikkje mange kronene.

     

    Kva LUX verdiar ser de på som passande for å detektere sollys? Greitt å sleppe å prøve seg fram heilt i blinde. Eg har nokre enorme vindu mot sør, har zip-screen på det største og den har blitt montert og køyrt heilt ned og sånn har den stått sidan men tenke det er greitt å sleppe inn litt lys og vinterstid kan det jo vere greitt med litt "gratis" varme og sånn at det kan vekslast inn i bruk av aircondition om sommaren. Har leilighet bygd i 2022 og det er rett og slett alt for varmt, nesten uleveleg i periodar...

  14. valvolainen skrev (På 11.3.2023 den 11.19):

    Har en løsning idag som består av fibaro smart implant som har noen ds18b20 følere koblet til, og dette er lagt inn i homey.

    Bruker dette til og skru av og på sirkulasjon / kjele / gulvvarme / vifte alt ettersom.

    Utfordringen min er at smart implanten ikke lenger klarer og finne ds18b20 følerene, ei heller med nye følere. Ellers rapporterer smart implanten sin egen temp, så den virker delvis.

    Dette er da andre gangen dette skjer, så jeg tror ikke jeg gidder og styre mer med smart implant. Sist de sluttet og virke byttet jeg implanten, og da fungerte alt igjen.

    Finnes det noe alternativ? Jeg trenger og tape en sensor på et varmerør, må tåle i alle fall 100grader, og kunne rapportere denne til homey. Så enkel løsning som mulig:), har wifi dekning overalt, i tillegg til homey sine protokoller.

    Første eg tenkte på var denne:

    https://www.landisgyr.com/webfoo/wp-content/uploads/2012/09/Technical-Description_32-18-101-001_e.pdf

     

    Då får du flow, turtemp, returtemp, avgitt effekt med meir som du kan lese av via M-Bus. Men den er oppgitt til å kunne lese av 95gr på turtemp og 90gr på retur så du må vurdere om det er nok.

     

    Eg har ein slik tilkobla mitt nærvarmeanlegg og det fungerar upåklageleg mot Home Assistant (køyrer det i NodeRed på ein raspberry som igjen spyttar det ut på MQTT så det vil vel fungere like fint i alle andre smarthussystem).

  15. ZoRaC skrev (7 timer siden):

     

    Nå har M-Tek vært her, viste seg at det var termostaten som var gåen likevel, ikke noe galt med kablene!

    Elendig arbeid av elektrikeren som var her og feilsøkte. Hadde vel fort spart 5-6000 kr om han hadde byttet termostaten den gang, i stedet for at jeg måtte tilkalle M-Tek. 😞 

    Du har vel reklamasjonsrett på håndverkertjenester, så eg ville faktisk stilt elektrikeren til veggs å bedt han dekke dine ekstrakosnader.

    Dette er jo basic?

  16. VikingOy skrev (På 5.8.2023 den 9.34):

    Det "gode rådet" ditt kommer litt for sent - når ingen lenger har et token som fungerer (API-Key). 👀

    Om nokon finne ein ny nøkkel så kan det vere lurt å ikkje få stengt ned tilgangen igjen då :)

     

    Men det beste er at ein finne en måte å hente ut sin egen nøkkel, slik at ikkje alle brukar den same. Då slår det ikkje så voldsomt ut på statisikken.

  17. Her har de (ikkje eg, har brukt appen) kanskje laga litt ris til egen ræv.

     

    Når mange (antar det er ein del) spør etter all denne informasjonen kvart 10. minutt døgnet rundt så genererar det mykje trafikk.

     

    Ei god løysing vil vere å spørje ein gong i timen frå 0700-1700 og utanom det ved behov (med ein input button i appen eller at dersom det er mulig oppdatere oftare når HA appen er åpen på telefonen).

    • Like 1
  18. peroo skrev (10 minutter siden):

    Jeg brukte en hel dag på å prøve å få koblet opp Modbus til en VSR 500, men fikk bare timeout når kommandoer ble sendt.

    Som flere har nevnt så virker det ikke som Modbus er aktivert som standard. Jeg fikk låne et Touch panel av selskapet som leverte aggregatet, og i innstillingene var slaveadresse for modbus satt til 0. Så snart jeg endret adresse til 1 tikket dataen inn i Home Assistant uten problemer. Jeg regner med at å koble til en IAM eller å bruke PC Tool har samme effekt, men Systemair gjør det ikke akkurat lett å få tak i noen av delene.

    Eg har venta i over eit år på mitt Touch panel.. heilt håplaust. (Ventar endå)

  19. Johannes F skrev (5 timer siden):

    Hei! Tror jeg har samme problem som deg med at jeg må koble meg til med PC-tool for å "aktivere" annlegget. Problemet er bare at jeg ikke finner det programmet noe sted, tror systemair har fjernet programmet fra siden sin. Har du mulighet å sende programmet til meg?

    Eg har sjekka i downloads mappa mi, eg har programmet. Send meg en DM.

  20. aleks skrev (På 9.5.2023 den 23.46):

     

    Problemet er rett og slett Yale har laget en _elending_ BT kommunikasjon på denne låsen. Vi snakker om du må være kanskje 10-20 cm (ikke meter!) fra den før det er stabilt nok. Usikker på om BT utvidelsesmodulen de har er noe bedre, men utrolig trist de ikke bare dropper en zigbee eller zwave som ka brukes i f.eks home assistant, da det er latterlig hvor dårlig kommunikasjon denne låsen har. Dette gjelder også deres egen connect-modul som er mer offline enn online

    Kan det vere at antenna rett og slett sitte i ytterdelen av låsen? For den automatiske opplåsinga fungerar på mange meters avstand, men å få HA til å fungere med dette er håplaust sjølv om det er reisverk i tre/gips og berre nokre få meter bort til låsen...

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.