Eg har ein litt spesiell use-case som eg prøver å finne mulige løysingar på:
Me pussar opp eit 100+ år gammalt hus, og ynskjer å halde stilen klassisk på mange måtar.
Der skjult elektrisk innstallasjon er mulig vil ein gjere det, men svært mange stadar må det bli utanpåliggande pga tømmervegger.
For lysbrytarar har eg då sett føre meg trådlause fjernkontrollar i størst mogeleg grad.
Har surfa litt her: https://www.sekelskifte.com/no/category/stromuttak-stombrytere og design herfrå er svært aktuellt å bruke gjennom heile installasjonen.
Så til det store spørsmålet:
Har nokon erfaring med små fjernkontrollar, z-wave, Zigbee, eller anna, på batteri, som tillet "ekstern knapp"??
Eg er også åpen for å knekke av covers og lodde litt, men det må nødvendigvis vere ein overkommelig jobb...
https://www.sekelskifte.com/no/product/spenstig-strombryter-hvit-porselen-messing-2
F.eks ein knapp ala denne, impuls og klargjort for kabla "pillebruk" - men med ein liten batteribasert remote inni, som så kan henge trådlaust på veggen.
Eg har sjølv flusst med z-wave piller, som jo tek imot eksternt knappesignal frå kva enn, men har til no ikkje funne tilsvarande som går på batteri..?
Forslag eller innspill?