Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

aujawindar

Medlemmer
  • Innlegg

    4
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av aujawindar

  1. OK, takk! Då må eg altså ha ein Z-wave-plugg i tillegg til Z-water.

     

    I parentes lurer eg på om det ikkje går an å få styrt noverande gamle Uponor-sentral litt smartare: Han gjer i grunnen det han skal, nemleg å opne og lukke aktuatorar. Går det an å samtala med ein slik ein? Han har ein RJ11-port. Kort sagt: Kan me hacke ein gamal Uponor-sentral?

  2. Hei godtfolk. Eg har lese ein heil del på forumet her og lært ein god del, men ikkje nok. Difor er det tid for å stille eit spørsmål på eiga hand. Me har eit hus med enkel temperaturstyring av golvvarmen i fleire rom, og enkelte deler (termostatane) byrjar å ta kvelden. Utstyret som er i bruk no, er

    • Uponor T-55 termostatar på 868,3MHz
    • Uponor C-56 sentraleining/kontroller
    • Sirkulasjonspumpe til golvvatnet
    • 24V aktuatorar
    • 6 golvsløyfer
    • "Dum" Oso varmtvassberedar med indre og ytre tank (tappevatn/golvvatn)

    Nye termostatar tilsvarande dei gamle er ikkje å få tak i. I tillegg er systemet sjølvsagt heilt uintelligent, og styrer berre etter temperatur.

     

    Det me ynskjer, er altså

    • Smartare styring av golvvarmen og på sikt andre deler av huset, og dermed
    • Lågare straumforbruk og billegare oppvarming
    • Mest mogleg gjenbruk av eksisterande utstyr. Må eg verkeleg byte ut heile kontrolleren og termostatane? Kan eg bruke noko av det?
    • Gradvis innføring av smartstyring
    • Lokal kontroll, ingen skyløysingar
    • Open program- og maskinvare så sant råd, det vil truleg seia Homeassistant i dette tilfellet
    • Helst ting som kan kjøpast i Noreg

     

    Me har

    • Conbee II USB-til-Zigbee
    • Ei berbar datamaskin til overs
    • Ein gamal Raspberry Pi B til overs

     

    Me treng

    • Temperatursensorar. Aqara?
    • Rele til aktuatorane. Må kunna prate med ei datamaskin. Kva slag?
    • Kva meir?

    Eg tek med takk imot tips, og ser fram til å lære meir!

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.