Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Komlo

Medlemmer
  • Innlegg

    35
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Komlo

  1. Komlo

    Dumt smarthus?

    No vart eg jaggu klokare i dag og:) Og desse kallar ein altså "Interface"? Om eg no grev fram den gamle pcen min, installerer HS3, pluggar i UZB1, brukar dei neste 20 månadslønene på fibaro dimmarar, sensorar og brytarar, koplar alt opp, får det til å fungera med nattsenking av temperatur, tidsstilling av lys og gode greier, så kræsjer den gamle pcen med HS3 på. Kva skjer då? Fortset alle scenario å gå som normalt? Stoppar det, så eg er tilbake til kun manuell styring? Kan eg skrota pcen, kjøpa ny installera HS3 og fortsetja programmeringa der eg slapp? Må denne pcen alltid vera påslått for at ting skal fungera? Eg har tidlegare hatt den konstant på, men i dvalemodus. Eg brukte Wake on Lan for å lesa av musikk og videofiler. Korleis progammerer eg på denne pcen? Må eg gjera det fysisk på pc, eller kan eg gjera det frå laptoppen i stova via nettverket eller internett?
  2. Komlo

    Dumt smarthus?

    Eg KAN nok få det til med HS3:) Guiden din var veldig fin, Moskus. Huben til t.d. Fibaro og Futurehome er altså eksterne datamaskiner som køyrer deira programvare og har innebygd antenna for Z-wave? Desse koplar ein då til PC? ruteren? internett? for å programmera? Alternativt kan ein kjøpa kun programvara, som HS3, som ein køyrer direkte på datamaskin? Då treng ein i tillegg t.d. UZB1? Kva er UZB1? er det "dingsebomsen" som gjer det mogleg for pcen min å kommunisera via Z-wave, som ei antenna? Og så kan eg kjøpa ein ana usb "dingseboms" for å kommunisera via 433Mhz? Er eg heilt på jordet no?
  3. Komlo

    Dumt smarthus?

    Knallgode tips! Z-wave har for meg sett ut som det beste alternativet sidan eg starta å snusa på automasjon. Homeseer ser unekteleg allsidig ut. Men eg er redd for at for meg, som datt av lesset når det gjeld teknologi/pc for nokre år sidan, er terskelen riiimeleg høg for å få til dette IOM at det ikkje er intuitivt i det heile (ref. Homeseerskolen del 1). Når det er sagt, har eg fortsat min gamle stasjnære pc med win 7, som eg tok med i flyttelasset mtp at den kunne nyttast som ein slags server. Den vart stort sett kun nytta som A/V server dei siste åra. Treng eg kun programvaren om eg skal nytta PCen?
  4. Komlo

    Dumt smarthus?

    Ser den med at eg ikkje kjem til å sitja med nøyaktig same utstyr om 20år. Eg vil derimot unngå å verta "tvungen" til utskifting pga stadig nye standardar, eller å ha huset propoa med utstyr som må sjrotast fordi firma er konkurs. Ein dimmar er no ein dimmar, og bør fungera til eg evt ønskjer å skifta. Homeseerskulen skal eg sjekka ut.
  5. Komlo

    Dumt smarthus?

    Kva er HS3? Skepsisen er sunn. Ho er generelt skeptisk til ny teknologi. Forsåvidt og sunt, då det ikkje er alltid det fungerer. Men og litt frustrerande for meg som tykkjer teknologi er spanande. Eg er skeptisk til om det er solid/stabilt nok, om det er framtidsretta (fungerer om 20 år), skeptisk til bruk av nettet, dela informasjin, abonnement osv. Forøvrig veit eg ingenting om produkta/løysingane du nemner, Odd?
  6. Komlo

    Dumt smarthus?

    Futurehome er avhengig av internett? Om det er tilfelle, utgår Futurehome som kandidat for min del. SmartThings utgår og, då det er Samsung. Er det alternativ som er kun lokalt, ikkje avhengig av internett? For meg (for å få overtydd kona, som er skeptisk) er det aller viktigaste eit robust system. Det må rett og slett alltid fungera og vera lettvint. Alt må i tillegg lett kunna overstyrast manuelt.
  7. Komlo

    Dumt smarthus?

    433Mhz får eg då vurdera etterkvart. Trekka straum til rørslesensorar der det skal inn skal eg hugsa på. Automatiske rullegardiner vert det nok ikkje hjå oss. Eg sit for øvrig på jobb no og myser mot skjermen med lav sol midt i fleisen. Her er det automatiske rullegardiner med lyssensor Det fungerer så som så her. Stikk over to stovevindauge har kona allereie bestilt:) Alt av lyd og bilete kabling skal leggjast skjult. Det gjorde eg i forrige hus og, men gløymde eit par hensyn, så det vart ikkje heilt 100%. Det er planlagt dobbelt nettverksuttak i stova og på kvart soverom. Kaaaanskje kjøkkenet og garasjen og, for å vera sikker. Når det gjel styring av stikk, så kunne eg tenkt meg ein brytar for å kutta straumen til alle kontaktar i ein sone. Dette for at det skal vera lettvint og trygt. Dette kan for så vidt elektrikar leggja opp ein brytar til. Om eg faktisk har behov for å tidsstyra eller fjernstyra enkelte stikk veit ikkje. Eg har forstått det slik at alt av utstyr skal fungera som normalt sjølv om nettet er nede, nettverket/ruteren ikkje fungerer eller om huben slutar å fungera. Stemmer dette for stort sett alt av utstyr? Det viktigaste er jo at alle brytarar og slikt kan nyttast manuelt, men vil t.d. tidsstyringa fortsatt fungera? Sensorar? Z-wave er trådlaust. Opprettar det eige "z-wave nett" eller går det over wifi?
  8. Komlo

    Dumt smarthus?

    Kjempegod hjelp, Moskus! Det ser ut som dete skal gå an få til. Så då ser det ut som eg skal satsa på Z-wave. Dette bør eg kanskje supplera med noko som går på 433Mhz der eg ikkje har behov for funksjonaliteten ti Z-wave (IOM at det er billigare)? Er det då sensorar for registrering og slikt der dette er mest hensiktsmessig? For t.d. lysstyring via sensor treng eg altså rørslesensoren og Fibaro dimmer 2 bak brytaren, som rørslesensor kan programmerast til å styra? Det er så enkelt? Kan "alt" av smarthus installasjonar ettermonterast? Eg ser det er mykje som går på batteri og mykje som vert montert bak eksisterande brytarar i same boks. Er det noko eg bør tenka på av installasjon før eg lukkar veggar? Noko som treng separat kabling, boksar og liknande? Eg vil helst ikkje angra på at eg ikkje installerte noko i ettertid. Er det mogleg å styra stikk på ein ana måte enn Homeplug?
  9. Komlo

    Dumt smarthus?

    Takker for god hjelp allereie? Genialt med eige forum for heimaautomasjon. Eigeninnsats skal ikkje vera noko problem, etterkvart. For tida har eg nok å gjera med renovering. Villaventen er ikkje første prioritet, me greit å ha høve til det i framtida. Z-wave adapter er sikkert mogleg å nytta, men vart tipsa om at modbus (eg veit ikkje kva det er) skulle vera rimelegare og betre. Er 433Mhz enklare (meir begrensa) og rimelegare enn Z-wave? Moderat budsjett vil sei at eg har heilt gjennomsnittleg inntekt, ungar og skal renovera heile bustaden. Me har derfor avgrensa høve til å investera i "luksus". Eg vil gjera så mykje som mogleg sjølv. Me har elektrikar som skal ta installasjon. Så sant det ikkje er særs mange ekstra timar for elektrikar, trur eg meirkostnaden kun skal vera dyrare og meir utstyr. Eg håpar det ikkje vil kosta så alt for mange tusen ekstra. Ok, lys først. Korleis gjer eg det? Kva utstyr treng eg? Er det noko eg må tenka på mtp el. installasjon? Så rørslesensorar. Fibaro sine? Er det nokon rimelegare eller betre alternativ? Deretter varme. Kva er virtuelle termostatar? Eg skal forøvrig leggja vbv sjølv, ellers utgår det pga kostnad. Eg har forstått det slik at eg treng aktuatorar som kan styrast med Z-wave e.l. Stemmer det? AV utstyr vert nok siste prosjekt (gulrot til far i huset?) Harmony hub ser veldig grei ut. Den kan koplast opp mot Hub for t.d. lysstyring? Generelle spørsmål: Investera i utstyr først (t.d. Z-wave dimmarar o.l.), så bestemma meg for Futurehome, Homeseer eller ein av dei andre? Kan eg kjøpa noko utstyr no, for å testa det ut, for så å reinstallera det når huset er renovert? Me bur i huset no, og held for tida på utvendig. Er nok ei stund til me er skikkeleg i gang innvendig. Har t.d. ein lampe i gangen nede som gherne kunne vore styrt av rørslesensor.
  10. Komlo

    Dumt smarthus?

    Heisann, godtfolk! Min første tråd på forumet, og null erfaring frå smarthus. Men håpar de kan hjelpa meg litt. Eg held no på med totalrenovering av bustad, og ønskjer nokre enkle funksjonar når alt er ferdig. Kona er heilt i mot alt som verkar teknologisk eller avansert. Det vert derfor litt utfordringar med gjennomføring. Eg har sjølv lenge hatt lyst til å testa ut diverse løysingar som kan gjera ting litt enklare. Har no leita litt rundt på forumet, utan å finna svar på akkurat det eg lurer på. Kriterier eg/me har for å gå for eit system. 1) manuell styring "alt" må kunna styrast manuelt, minst like enkelt som frå før. Tenker då på lysbrytarar/dimmarar på veggen, termostatar, vifter osv. Altså manuell betjening med høve for smart styring. 2) 100% stabilt Det er heilt uaktuelt med noko som helst som krev internett for å fungera. Om programmering av scener, oppdateringar osv ikkje kan gjerast utan nettilkopling kan eg leva med. Men all styring av ting og tang i huset må skje lokalt. Alt må og fungera sjølv om ruteren i huset eller HUBen ikkje fungerer. Eg må t.d. kunna dimma lys, stilla temperatur osv utan nettverk, om noko får ein feil, eller eit batteri er tomt osv. 3) nesten usynleg Vil ikkje ha blinkande lys, store sensorar, synlege kabelstrekk, pluggar i stikkontaktane osv. Ein lysbrytar må sjå ut som ein lysbrytar, ein stikkontakt som ein stikkontakt osv. Det skal tilsynelatande vera eit ordinært "dumt hus". 4) Ikkje behov for mobil/nettbrett for å styra noko. Tungvint og irriterande. Det må vera automasjon eller manuelt. I tillegg er kriterier som pris, kompatibilitet, lett/intuitivt/brukarvenleg og framtidsretta viktig. Eg ønskjer å kunna: a) Rørslesensor i nokre rom (boder, gang osv). b) Brytar/panel for "alt av" eller "alt på" i forskjellige soner. (Eltako sin modusbrytar ser jo fin og smart ut). Ønskjer for eksempel ein brytar til alle stikk på kjøkken eller i stove slik at eg ikkje treng springa rundt å slå av alt før eg kryp i soveposen. c) Tidsstyring av vannbåren varme i golv. Spesielt nattsenking osv. Men må sjølvsagt kunna regulerast manuelt frå termostat på vegg. d) Skumringsrele/fotocelle på utelys. e) Styring av Villavent VSR500 ventilasjonsanlegg (modbus?). Kjøkkenvifte på - avtrekk av for eksempel. f) Ein fjernkontroll og ferrast mogleg kommandoar for alt av AV-utstyr. Helst kopla opp mot lysstyring. (Hadde tidlegare heimakino og vurderte noko Global Cache Itach greier, men det vart aldri). AV utstyr må vera lett å betjena av kona og barn. h) diverse sensorar for måling og logging av ting som effektbruk (varmepumpe og ana utstyr), luftfuktighet (innluft/utluft og i nokre rom) og sikkret mykje ana moro. i) eg er sjølvsagt open for alle forslag til andre områder som er kjekt å "smarta opp":) Så til spørsmåla: Er alt dette mogleg å få til? Er alt dette mogleg å få til på eit relativt moderat budsjett? Kva skal eg starta med? Bustaden er under total renovasjon, så det er no eller aldri. "Alt" skal byggjast fjernast og leggjast nytt, inkludert elektrisk installasjon, vvs, golv, veggar osv. Det vetle eg har greidd å lesa meg opp på seier Z-wave er eit godt utgangspunkt, men kanskje vel dyrt for nokre enkle ting. Proprietære løysingar som xcomfort ønskjer eg ikkje. Edit: kan ta med at det starta med ønskje om å styra lys, lyd, bilete og lerret i heimakino med ein kontroll. Det vat ikkje. Så kom ønskje om ein brytar for å slå av alt av stålampar, julelys, TV, tuner, forsterkar, ladarar, pyntelys, hyllelys, vegglampar osv osv før leggetid.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.