Eg held på og prøver å få til det samme her. Men eg får ikkje stadfesta noko signal på modbus utgangen på aggregatet (R7-H). Måler 11 mV når utgang ikkje er terminert. Har prøvd å koble den opp mot eit Moxa TCC-100 RS-422/485 til RS-232 konverter, men får her heller ikkje noko signal:
https://cdn-cms.azureedge.net/getmedia/c049c023-0154-4a5a-9ca8-7c7dcdb7918a/moxa-tcc-100-100i-series-qig-v12.2.pdf
Eg bruker berre 1 og 2 frå ein CAT5 kobla til kortet i aggregatet. Har målt all kontinuitet ok med denne.
Har vore i kontakt med Swegon som sender meg ein SEM for testing, men tvilar på denne vil gjere nokon forskjell. I verste fall er det feil på kortet, men tenkte å høyre her om nokon andre har opplevd tilsvarande problem og evt. korleis ein har klart å aktivere utgangen (SEC modbus).
Planen er å bruke RTU => UDP/TCP konverter for kommunikasjon til Home Assistant, men akkurat no blir det berre feilsøk då eg ikkje har fått noko signal. Moxa'en kobla eg opp for å dobbelsjekke at det ikkje berre er UDP-TCP konverteren som kranglar (USR-W610).