Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Store problem med Zigbee-signal i kjellar


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Eg har no over lengre tid prøva å inkludere ein EasyAccess-lås med Zigbee-modul i Futurehome. Denne låsen står på ei dør i kjellaren. No har eg prøva alt mogeleg, inkludert byte av Zigbee-modul, men klarar ikkje å få inkludert låsen. Eller, rettare sagt, eg får inkludert den viss eg tek smarthuben med meg ned i kjellaren og den står "oppå" låsen under inkludering, men så snart eg flyt huben tilbake til der den skal stå (i andre etasje) så får den ikkje kontakt meir.

 

Eg har fleire Zigbee-einingar på fast straum i nærleiken. Avstanden mellom hub og lås er kanskje 10-11 meter, maks. Då må signalet gjennom to tregolv og ein trevegg.

 

Eg har ingen problem med å få kopla opp verken Z-Wave eller Zigbee elles rundt i huset, men med ein gong eg kjem ned i kjellaren skjer det noko rart. No i dag prøvde eg å setje huben på golvet i stova. Då er den cirka to meter frå smarthuben, gjennom eitt tregolv. Ikkje tale om at den klarar å få kontakt og inkludere låsen.

 

Det eg la merke til i dag som var noko snodig er at eg får null Wi-Fi-signal på telefonen i kjellaren (i stova, rett over kjellaren, har eg omtrent fullt signal). Det får meg til å tru at her er ein samanheng sidan både Wi-Fi og Zigbee nyttar 2,4 GHz-bandet.

 

Men kva i den vide verda kan det vere med denne kjellaren som gjer at alt av signal vert stoppa på denne måten? Kjellarmurane er ein kombinasjon av lecablokkar og innmura naturstein. Eit par plassar er dei metertykke, men taket over kjellaren er i tre, og signalet treng ikkje gå gjennom mur nokon plass for å nå smarthuben. I golvet er det vassboren varme. Dette er same typen golv som signalet ikkje har noko som helst problem med å gå rett gjennom elles i huset.

 

Er det nokon som har den minste aning om kva som kan skape slike problem som dette? Det einaste eg kan tenkje meg er at der er ein ståldragar oppunder kjellartaket, men denne skal då ikkje kunne suge til seg alt av signal på mystisk vis? 🤔 Rekkjevidda mellom hub og lås er vel ein tiandedel av det Zigbee teoretisk skal kunne klare, så det bør ikkje vere noko problem (reknar ein med andre Zigbee-einingar på fast straum som kan fungere i mesh så kan ein halvere denne avstanden).


Alle forslag og idear vert mottekne med takk! 🙂 Eg kjenner eg begynner å verte rimeleg rådvill no...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.