Gå til innhold
  • Bli medlem

Garegaupa

Medlemmer
  • Innholdsteller

    42
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Garegaupa vant dagen sist April 7 2019

Garegaupa hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

8 Neutral

Om Garegaupa

  • Rang
    Medlem

Hjemmeautomasjon

  • System
    Futurehome

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Du skal fint kunne bruke Heatit Z-Push Button mot Fibaro Dimmer 2 utan vanleg ljosbrytar så sant det systemet du skal bruke støttar scenario og/eller assosiasjonar. No er eg personleg slik skrudd saman at eg føretrekk å ha manuell backup på absolutt alt (i alle fall alt som må fungere i kvardagen), men her er folk ulike. 😊
  2. For å vere ærleg så har eg personleg dårleg erfaring med dette. Eg måtte stille dei så langt ned at dei begynte å slå alt for seint ut på folk til slutt, og likevel hendte det at me fekk ein falsk "katte-alarm"... 😅 No har eg dei på høgaste sensitivitet og tenkjer me berre lyt leve med at kattane slår av og på ljoset i gangen rett som det er. 😄
  3. OK, den er grei! Eg tenkte det måtte vere slik sidan det kan vere om å gjere å vere nær hub når ein legg til ting sikkert, men at dette ikkje har så mykje å seie når den aktuelle tingen fyrst er lagt til. Elles var det ein særs fin analogi å bruke forskjellen på brev og postkort! 😊👍
  4. Heisann! Eg har ikkje klara å finne svar på dette her med å søkje på nettet, så eg prøvar meg her: Vil ei Z-Wave-eining som er inkludert sikkert kunne fungere i mesh via både sikre og usikre einingar, eller berre via sikre einingar? Eller vil ikkje desse fungere i mesh i det heile teke?
  5. Trur eg er med på kva du meiner, @iceball. 😊 Eg finn nok ei løysing på det.
  6. Takk for svar, Moskus! Det var det eg var redd for, det verka på meg som om DoorBird ikkje forstod heilt kva eg spurde om... Då lyt eg vel enten bore hol i veggen som du føreslår (det er heldigvis trevegg 😊), eller eventuelt lage/kjøpe ein brakett av eitt eller anna slag.
  7. Heisann! Eg ynskjer meg ei videoringeklokke med PoE, og har sett ein del på DoorBird D101. Det eg lurar på er fylgjande: Der eg har tenkt å ha klokka kjem der ut ein nettverkskabel med RJ-45-plugg frå veggen. Eg lura på om der er plass bak sjølve ringeklokka til både denne og PoE-adapteret, men vart ikkje noko klokare av å lese dokumentasjonen. Eg sendte E-post til DoorBird om saka. Fyrst fekk eg til svar at nei, dette gjekk ikkje. Så tenkte dei seg om litt og kom fram til at jo, det gjekk visst likevel. 🤔 Viss det er nokon her som har montert denne ringeklokka på tilsvarande måte som eg ser føre meg så kunne eg tenkt meg ei stadfesting på at dette faktisk går før eg eventuelt bestiller. 😊
  8. Då har 2020-katalogen frå Heatit/ThermoFloor kome: http://ipaper.ipapercms.dk/ThermoFloor/Katalog/?_ga=2.76358165.1042122349.1579271506-1647139307.1572016934#/ Litt ymse nytt på gang: Z-TRM3, Z-Temp2, Z-Smoke Detector (230 V og batteri) og Z-Repeater. Personleg er eg noko skuffa over a Z-Stove Guard ikkje er med i katalogen, eg hadde vona at denne kom i løpet av 2020.
  9. @Ingeb: Beklagar seint svar på denne, eg får skulde på sumarferie og mykje å gjere i førekant av denne... 😵 Eg har enno ikkje klara å finne ut korleis eg skal få til dette, men eg får prøve meg fram i neste friveke. Takk for innspela så langt, eg kjem nok attende til denne tråden viss eg ikkje finn ut av det snart, og så sant eg finn ut av kva eg faktisk skal spørje om... 😛 Ikkje ei enkel nøtt å knekkje, dette her...
  10. Då har eg funne ein del feil eg hadde gjort, og kome fram til fylgjande config.gateway.json: { "interfaces": { "ethernet": { "eth0": { "address": "10.160.10.1/24", "description": "LAN", "duplex": "auto", "speed": "auto" }, "eth2": { "address": "dhcp", "description": "Internet", "duplex": "auto", "firewall": { "in": { "name": "WAN_IN" }, "local": { "name": "WAN_LOCAL" } }, "mac": "XX:XX:XX:XX:XX:XX", (<---MAC-adressa frå baksida av Altibox FMG) "speed": "auto" }, "eth3": { "address": "dhcp", "description": "IPTV", "dhcp-options": { "default-route": "no-update", "default-route-distance": "210", "name-server": "update" }, "duplex": "auto", "speed": "auto" } }, "loopback": { "lo": "''" } }, "protocols": { "igmp-proxy": { "interface": { "eth0": { "alt-subnet": "172.21.0.0/16", "role": "downstream", "threshold": "1" }, "eth3": { "alt-subnet": "172.21.0.0/16", "role": "upstream", "threshold": "1" } } }, "static": { "route": { "0.0.0.0/0": { "next-hop": "YYY.YYY.YYY.YYY" (<-- Gateway for Altibox FMG) }, "172.21.0.0/16": { "next-hop": "192.168.10.1" } } } }, "service": { "nat": { "rule": { "5010": { "description": "masquerade for WAN", "destination": { "address": "0.0.0.0/0" }, "outbound-interface": "eth2", "protocol": "all", "type": "masquerade" }, "5015": { "description": "masquerade for IPTV", "destination": { "address": "172.21.0.0/16" }, "outbound-interface": "eth3", "type": "masquerade" } } } } } Noko av det eg fann som var gale var at det ser ut som om portane på min USG Pro er noko annleis namngjevne enn vanleg: lan1 = eth0 (LAN) lan2 = eth1 (inaktiv) wan1 = eth2 (Internett - port 4 på FMG) wan2 = eth3 (IPTV - port 1 på FMG) Dette har eg retta i fila over, samt nokon skrivefeil og andre feil. Det som skjer når eg prøvar å leggje inn dette er at eg ikkje får USG-en til å akseptere denne json-fila. Eg legg ho inn, men USG-en vert berre ståande og spinne i ein såkalla "provisioning loop". Det er så langt som eg har kome. Det eg lurar noko på er om eg lyt opne opp WAN2-porten i UI eller ikkje? Viss ja så er eg noko usikker på kva eg skal setje inn her: Som de ser så kan eg for "Load Balancing" velje "Failover only" eller "Weighted LB". Men dette vert vel noko feil, då det ikkje er load balancing WAN2 skal brukast til i det heile teke? Skal eg berre la vere å gjere noko her? Eg vonar noko kan hjelpe meg på veg, det begynner å verte frustrerande å ikkje få dette til! 😂 @Ingeb og @cozmo, eg ser at de har mykje kunnskap om dette og har kome med mykje god informasjon i denne tråden. Eg har prøvd å fylgje det de har skrive så godt eg kan, men kjem som sagt ikkje vidare. Ser de nokon opplagde ting i det ovanfor som ikkje stemmer?
  11. Då har eg akkurat prøva å kople Altibox FMG via min UniFi Security Gateway Pro. Det fyrste forsøket gjekk rett til skogs, for å seie det slik... 😂 Oppsettet eg prøva meg med er som fylgjer: Redigera 10. juni 2019: Sletta grunna feil i oppsettet, det er ingen vits i at eg let eit oppsett med feil i liggje her for å forvirre andre. 😉 Sjå innlegget mitt under her for det siste oppsettet eg har kome fram til. Dette er basera på eit opplegg som vart posta i denne tråden for nokon sider sidan, men eg skreiv det om att for å prøve å lære meg litt av denne kodinga. Så køyrde eg det gjennom ein såkalla "JSON-validator" og gjorde nokon endringar basera på det. Er det nokon her som ser kva som er gale? Eg er diverre rimeleg fersk på denne programmeringa her, mi særs avgrensa karriere innanfor programmeringsfaget bestod stort sett i å programmere HTML i Notisblokk i tenåra... 😄 Her er feilmeldinga eg fekk i loggen i UniFi: Dette seier meg ikkje så mykje, men kanskje nokon her får meir ut av det? Ut over det eg har gjort her med programmering av config.gateway.json så har eg slått på IGMP Snooping i switchen.
  12. Heisann! Dette er kanskje ikkje 100 % direkte relatera til heimeautomasjon, men eg reknar med at det er ein del her inne som har nokon rimeleg godt utstyrte dataskåp. Såleis høver nok dette her ei aktuell målgruppe! 😉 Eg sel ein splitter ny Heilt ny BlueWalker PowerWalker UPS VI 2200 RLE grunna at det ikkje var plass til han i mitt dataskåp (grunna djupn). Sjå annonse på Finn.no for meir detaljar: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=147496763 Viss nokon lurar på noko ut over det som står i annonsen så er det berre å kontakte meg her i denne tråden eller via PM. 😊
  13. He he, tillat meg å omformulere meg eit ørlite grann... 😂 Det kan ha ein viss verdi å kople ut slikt ved brannvarsel. Viss røykvarslaren på kjøkkenet begynner å merke noko så har eg lyst til at alt maskineri som står på og kan vere årsaka til røyken/varmeutviklinga vert slege av tvert. 😉 Men for all del, betre føre var, som du seier så er det greitt å kunne ta ein sjekk på om ein kom i hug å slå av kokeplata før ein reiser ut for å kløyve ved! 😉
  14. Ikkje eg heller. Eg såg det heilt tilfeldig no i dag, då eg hadde meg ein runde innom Facebook-sida deira for å sjå om eg kunne ha vore så heldig at Z-Dim var klart for lansering... 😉
  15. Dessutan har det ein viss verdi å kunne kople ut slike ting som dette her automatisk ved brann, skulle eg meine. 😊
×
×
  • Opprett ny...