Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Zulboom

Medlemmer
  • Innlegg

    84
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Zulboom

  1. Edit: fekk det til å fungere. Sjå endringslogg nedst i innlegget.

     

    Takk for at du offentleggjer ditt fantastiske arbeid, Moskus!

     

    Prøvde meg på dette scriptet no for å styre varme på mellom anna soverommet med stikkontaktplugg+Arduino-basert temperatursensor. Kjem ikkje lenger enn til punkt 3 i prosedyra før det stoppar opp. Når eg trykker "Save Script Edits" skjer det ingenting med innhaldet i tekstboksane for "Sub or Function" og "Parameters", sjå skjermdump under.

     

    OS: Windows 8.1.

    NET Framework: 4.7.1 (461310)

     

    Tips?

     

    image.png.51192af74e9c253d65574f332a5046ab.png

     

    Edit: fekk det til å fungere. Eg la inn verdiar i tekstboksane "Sub or Functions" og "Parameters" manuelt, og når eg køyrde eventen skjedde alt som det skulle, sjølvsagt. Av ein eller annan grunn så tolka eg det som om desse verdiane skulle dukke opp automatisk etter at scriptet blei køyrt/lagra, men men. Ikkje flaut i det heile tatt ?

     

    Igjen: takk Moskus!

    • Like 1
  2. På 2.12.2018 den 14.08, Johs. skrev:

    Jeg har mottatt  Z-TRM2fx, men for ikke opp en  temperatur-node, som viser faktisk temperatur. Noen som har lykkes med det?

     

    Har akkurat fått mine 2 Z-TRM2fx, og eg har ikkje endra nokon assosiasjonar sidan eg la den til. Har fungert knirkefritt så langt mtp. temperaturstyring og rapportering av verdiar. Køyrer firmware-versjon 3.4.

    Får totalt 11 devicar, der 2 av dei er temperatursensorar. Eg brukar kun golvsensor, og eg antek at devicen "Temperature 2" er for sensoren som er tilkobla "external sensor". Eg har skjult denne devicen til vanleg.

    La du termostaten til som secure eller non-secure? Har du prøvd å køyre en rescan?

     

    image.png.ca1ce873aba97c7e0157fe0d9b5ae10c.png

     

    image.thumb.png.3b6eec0cf488f5b8ea8f46692728b1dd.png

    • Like 2
  3. 10 timer siden, Teza skrev:

     

    Lite trehus på en flate, ca 85m2, med 19 noder på strøm, spredt rundt i hele huset.

    Avstand ved inkludering er under 1 meter. 

    Lengste avstand fra UZB1 til node er ca. 9 meter fra sender og noder er spredt som du ser på bildet noen poster over.

     

    Har kjørt flere optimaliseringer og har også prøvd og endret routingen slik at ingen noder har mer enn 1 node mellom seg og UZB1.

    Dog endres dette kontinuelig i systemet etter det Z-Seer viser.

     

    Kommunikasjonen er så dårlig at man kan si at den ikke fungerer.

    Events kjører, ingen ting skjer, etter en stund kan plutselig flere lyskilder begynne å blinke, men som oftest er det kommunikasjonssvikt.

    Z-Wave må restartes flere ganger om dagen for å få kommunikasjonen til å fungere.

     

    Ingen noder rapporterer hverken W, kWh, lux, temperatur og ofte heller ikke bevegelse.

     

    Den er god. Støtter deg i at det mest sannsynleg er noko gale med UZB1 i ditt tilfelle.

  4. Sikkert dumt spørsmål, men har du køyrt optimalisering av anlegget ditt iht. metoden som er beskrive i Homeseer- skolen til Moskus?

     

    Kor lang har avstanden vore til nodane når du har forsøkt å inkludere dei? Kor mange "aktive" nodar består nettverket ditt av, og kor stort er huset ditt?

  5. Kom over denne Facebook-posten på gruppa Smarthus & IoT Norge (sjå screenshot under). https://www.facebook.com/groups/smarthusnorge/

    Lenke i post: https://www.heatit.com/heating-control/floor-heating-thermostats/heatit-z-trm2/

     

    For oss som ventar på termostatar og har tenkt å bruka golvfølarar er jo dette gode nyheiter. På nettsida står det i alle fall at den blir tilgjengeleg frå 5. desember.

    24659319-6D6E-452C-AC08-EEA802AE6890.jpeg

    • Like 1
  6. 53 minutter siden, lasseruud skrev:

    Prøver dette, men jeg får ikke lagt til range value. Jeg får lagt til så mange single value jeg vil, men når jeg trykker på "Add New Range Value", skjer det ingen verdens ting i GUI.

     

    Fjern alle single values, og legg så til range values. Det var måten eg fekk det til på ?.

    • Like 1
  7. Fann endeleg ein work-around for lys som ikkje er dimbare til å dukke opp som lys i Google Home.

     

    1. Lag ein ny virtuell device med samme eigenskapane som ein Fibaro 2 Multilevel Switch (gadd ikkje lage til status grahics, men status text er viktig).

    Spoiler

    image.png.fd8bf7b8814a9cc2525b7bcb5a17cb79.png

    image.png.0677a3bbd5356f4cf9d1753f1e0ef905.png

    image.png.ff80bc3879b3adaee6a00a092cd36db1.png

     

    2. Lag events for å skru av og på den faktiske fysiske devicen som skal kontrollerast ved hjelp av den virtuelle devicen. Merk at eg har valgt at om lysstyrke kjøkken (voice-kommandoen til GH) er satt til 0-20% så skal devicen stå av, og om den er 21-ON% skal lyset stå på. Merk at ON er 99%. Edit: i skjermdumpen under står det 20%-ON, det skal eigentleg stå 21%-ON.

    Spoiler

    image.png.09a9009bf49f5feb700f99e548db5b60.png

     

    3. Deaktiver voice command på dei "gamle" devicane som kun dukka opp som brytarar i GH, så du ikkje har dobbelt opp.

    4. "Okei Google, synkroniser mine enheter".

    5. Ta-daaaaa.

     

     

     

    • Like 2
  8. 1 time siden, JohnMartin skrev:

     

    Okei, da er jeg litt mer med(tror jeg ;) )

    Men denne tiden du refererer til styres av selve sensoren. Så det må jo evt justeres via å endre parameter settings.

     

    Men, ja. Om sensoren ikke går til no-motion før de 2 minuttene har gått, så vil vel lyset slå seg av.

    Default på Multisensor 6, er at sensoren går fra Motion til No-motion etter 4 minutter. Har du da event som slår av på f.eks 2 minutter, så vil lyset slå seg av. Og slå seg på igjen når den endret til Motion igjen. Hvis du har satt opp eventet slik @Moskus har beskrevet i HomeSeer skolen.

     

    Heilt korrekt, timeout-tida er ein parameter til detektoren.

     

    Ser ut som me har forstått kvarandre no :) 

  9. 18 timer siden, JohnMartin skrev:

     

    Usikker på hva du mener med time-out?
    Men hvis jeg forsto deg rett, så er det der 'Remove delayed event action' kommer inn. Hver gang sensoren trigger, så starter "nedtellingen" på nytt.

    Siden første action på eventet er å kansellere avstengingen av lyset.

     

    Så i teorien, så skal det være lys så lenge man er på badet, og 2 minutter etter å ha forlatt badet. I dette tilfellet.

    Det eg meiner med time-out er tida sensoren brukar på å gå frå «bevegelse i rommet» til «ingen bevegelse i rommet».

    Til dømes om time-out er sett til 30 sekundar: Sensoren sin device «bevegelse» blir satt til «bevegelse oppdaga» når den oppdagar bevegelse, og går tilbake til «ingen bevegelse» først 30 sekundar etter at siste bevegelse er oppdaga.

     

    Har ingenting med «Remove delayed event action» å gjere :)

     

    Er usikker på kva du meinar utover dette.

    8 timer siden, ZoRaC skrev:

     

    Ja, men da må sensoren «se deg» om du står i dusjen. Hvis den ikke gjør det så blir det mørkt 2 min etter du går inn i dusjen. :) tror det var det @JohnMartin mente. 

    Godt mogleg at det var det han meinte. Spørsmålet mitt var i alle fall at om ein set opp eventen slik som @Moskus beskriv i HomeSeer-skolen, og sensoren ikkje rekk å gå til «ingen bevegelse» pga. du ikkje står i ro i dusjen, vil då lyset sløkkje seg 2 minuttar etter at ein går inn på badet?

  10. 9 timer siden, lasseruud skrev:

    Ingen som har funnet ut av dette?

     

    Om det er problemet kring det å få rele/wall plugs til å tolkast som lys så er svaret nei frå mi side.

    Fordelen med å ha dei som "brytarar" istadenfor er at du kan til skru av ein og ein lampe/device. Dessverre er det slik at alt som er definert som lys på kjøkkenet mitt ikkje reagerer på "kallenamnet" sitt, men kun på fellesbenemninga "kjøkkenlys"/"lys på kjøkken".

  11. 11 timer siden, ZoRaC skrev:

     

    Jeg gjør det også på denne måten. :) virker helt fint. 

     

    Det enkle er ofte det beste! (Litt ironisk å sei det om heimeautomasjon i seg sjølv. Det enklaste hadde vel berre vore å hatt ein vanleg elektrisk installasjon, slik som naboane til "On The Floor"-mannen i Rema 1000-reklamen? ?)

  12. 7 timer siden, Moskus skrev:

    Er ikke enig at det er så veldig anderledes. Jeg bruker denne metoden med alle bevegelsessensorer jeg har. :) 

     

    Det enkleste (og beste etter min mening) er å sette time-out'en til 10 sekunder eller så. 

     

    Det har du nok heilt rett i, eg har nok berre tilpassa eventen til fabrikkinnstilt bevegelsessensor.

     

    Men berre eit kjapt spørsmål: kva om ein er på badet (som i mitt tilfelle), og sensoren ikkje får "time-out" pga. kontinurleg bevegelse (f.eks. om ein står i dusjen), vil ikkje då lyset slukke seg etter 2 minuttar?

     

    Edit: grunnen til at eg seier 2 minuttar er fordi det er det trådstartar brukar i sin event.

  13. a) Feilen er at eventen Moskus har laga er for ein bevegelsessensor med ein litt annen virkemåte. Sensoren «setter» tydelegvis devicen kvar gang ny bevegelse blir mottatt, medan den du har (og eg har) har ein device som held seg aktiv så lenge den oppdagar bevegelse innanfor «timeout»-tida (hugsar ikkje standard «timeout»-tid, men du finn den i brukarmanualen). Du må derfor løyse det på ein annan måte enn å bruke «device has its value set to», sidan det kun skjer når den oppdagar bevegelse «første gang». Eg ser at du i tillegg har benytta devicen for «Home security» (alarm), og ikkje den som er beregna for lysstyring. Om det har praktisk betydning eller ikkje veit eg ikkje.

     

    Eg har i alle fall løyst det slik som i biletet under. Merk at eg i tillegg har 2stk «and if», desse skal ikkje vere nødvendige for å få det til å fungere, men eg brukar dei i alle fall slik:

    1. For å kunne deaktivere all automatikk for lys via kun éin virtuell device (og ikkje måtte deaktivere 1000 eventar).

    2. At lysnivået på badet skal vere avhengig av morgon/dag/kveld/natt.

    Eg har også satt opp at eventen ikkje skal gå oftare enn kvart 20. sekund, dette for å unngå at den går heile tida.

     

    b) Timeout-tid er som sagt omtalt i brukarmanual.

    90769839-7E99-4F7E-9965-2F0137FBEFC9.jpeg

    • Like 1
  14. Alle devicar som er huka av for «voice command» i Homeseer kan potensielt dukke opp i Google Home. Ta og deaktiver Switch Multilevel 2-devicen sin voice command så skal du sjå at det endrar seg. Du bør faktisk deaktivere voice command på ALLE devicane du ikkje vil ha synlege i Google Home, også skjulte, for å unngå krøll med synkroniseringa mot Google Home pga. for mange devicar.

    82D23DB2-6F96-40BC-B2B1-18EDB79E388B.jpeg

  15. 2 minutter siden, iceball skrev:

    Selv om Homeseer for en stund siden sier de ordnet at det ble laget en egen scene device for hver dimmer2, så fungerer det ikke. Support kunne heller ikke hjelpe meg da jeg kontaktet dem. Virket ikke som de brydde seg nevneverdig om feilen. Veldig irriterende, for alle dimmer2 vil trigge/trigges av samme globale scene ID.
    Fibaro switch/rele genererer scene device derimot som den skal. emoji849.png

     

    Den er god. Så lenge Switch Multilevel 2 sin device-oppdatering fungerer fint så får eg heller lage min eigen automatikk vha. events, virtuelle devicar mm. Heldigvis er Homeseer god til nettopp dette ?

  16. Hei,

     

    Er det nokon som brukar brytar S2 på Fibaro Dimmer 2 til nokon slags scenestyring (natt/dag/heime/borte), evt. til å køyre events?

    Har prøvd meg på å sette parameter 28 (Scene activation functionality) til 1, men blei ikkje heilt klok på korleis dette blir brukt. Sjå skjermdump frå brukarmanual nederst i innlegget. Får heller ikkje opp dei innstillingane under Root-devicen som eigentleg skal dukke opp ifølge forum-post nr. 4 i denne tråden på Homeseer-forumet (annan Z-wave-node enn Fibaro Dimmer 2, men prinsippet burde vere det samme): https://forums.homeseer.com/forum/homeseer-products-services/general-discussion-area/100424-fibaro-dimmer-2-scenes

     

    Eg har lagt merke til at devicen kalla "Switch Multilevel 2" oppdaterer seg (toggle, av/på) når eg aktiverer impulsbrytaren som er tilkopla inngangen. I og med at eg ikkje får til scenestyring spesifikt, er det mogleg eg kun kjem til å sette opp nokre events. I første omgang blir det til dømes å sette opp S2-brytaren ved inngangsdøra til å skru av alt lys i leilegheita når eg går ut.

     

    Korleis har de løyst det?

     

    image.png.462ada55790f2aafb1064c077f53a561.png

  17. 2 timer siden, GO_Nilsen skrev:

    Prøvde å koble sammen HS med google home idag.

    Da jeg velger homeseer i appen, taster myhs user/pass, kommer det opp at 

    det var problemer med oppgradering av systemet, sjekk tilkobling. Tilkoblingen ser ut til å være

    helt fin da jeg kan koble meg på MyHS uten problemer. Noen som vet?

     

     

    I denne tråden er problemstillinga di diskutert (sjå lenke).

     

    Det du må gjere for å få "connecta" GH mot HS er å deaktivere voice command på alle devices, og aktivere dei igjen på dei du faktisk skal bruke. Tråden dekkar også ein del andre kjekke ting med GH.

     

     

  18. Hei,

     

    Måtte som dei fleste andre deaktivere alt av voice commands før eg fekk til å legge til devicar i Google Home, men sit framleis med nokre spørsmål kring stemmestyringa.

    1. Fins det ei liste over syntaksar for korleis ein skal sende norske kommandoar til Google Home? Har funne nokon, men slit framleis med å styre t.d. éin og éin device (kjøkkenet har 4 forskjellege)
      1. "Synkroniser mine enheter" fungerer
      2. "Sett lys i "romnavn i google home-appen" til xx%" og "Sett kjøkkenlys til xx%" fungerer
      3. "Skru av/på alt lys" fungerer på alt som er definert som lys i GH
    2. Slit med at to lys som går frå ein dobbel Fibaro-switch ikkje blir definert som lys i GH, sjølv om eg har huka av for "is light" i dei to switch-devicane. Dette er litt slitsamt om eg vil skru av alt lyset på kjøkkenet, då dei to lysa ikkje reagerer på lyskommandoar.
    3. Korleis køyrer ein events på norsk?

    På førehand takk for all hjelp!

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.