Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Dette er mi erfaring òg, på det jamne. 😊 Ting kan alltid verte betre, kjappare, smartare og flottare, men det gjeld vel alle system, og ikkje berre FH. Eg tykkjer dei er på god veg, i alle fall, og har ingen problem med å tilrå systemet til dei som måtte spørje.
  2. Då har eg redusera prisen på dei to modusbrytarane til kr 700,- for båe to. 😊
  3. Takk for innspel! 😊 Då høyrast det ut som om dei skryter på seg litt angåande rekkjevidda... Som du seier så lyt eg nok berre prøve og sjå om det går eller ikkje. Så er det ikkje krise om eg ikkje får kopla låsen til smarthuben med ein gong, han fungerer trass alt heilt greitt sjølvstendig òg. Der kjem nok meir Zigbee-utstyr inn i huset etter kvart, så viss eg får problem så løyser dei seg nok sjølve på sikt.
  4. Me tenkjer å skaffe oss ein elektronisk dørlås med Zigbee-modul. Dette kjem (i fyrste omgang, i alle fall) til å vere den einaste Zigbee-eininga me har i systemet vårt, alt anna er Z-Wave. Låsen må såleis kunne kommunisere direkte med smarthuben. Plasseringa av denne låsen vert vel nesten den verst tenkjelege i så måte: Han skal stå på ei kjellardør, cirka så langt unna smarthuben som det er råd å kome innandørs. Signalet må gå gjennom to etasjar (tregolv med vassboren varme i golva) og ein (tre)vegg. Det som gjer meg noko meir optimistisk er at eg ser at Zigbee skal ha mykje lenger rekkjevidde innandørs i forhold til Z-Wave (75-100 m vs. 9 m). Kva trur de som har meir erfaring enn meg med Zigbee? Bør eg kunne rekne med at dette går greitt? Eller bør eg belage meg på å leggje inn ein eller to andre Zigbee-einingar som repeatarar mellom låsen og huben?
  5. Poenget for min del har å gjere med det bruksområdet dei er tiltenkt. Eg ynskjer å overvake straumforbruk på noko utstyr i Futurehome. For å få straumforbruket under rett kategori så må eg definere desse pluggane som klimastyring. Då risikerer eg at systemet begynner å tukle med dei automatisk. Det ynskjer eg ikkje, dette er ting som skal stå på konstant. Finst det ikkje så finst det ikkje, då kan eg enten droppe dette eller bruke Z-Wave-pluggar i staden. Grunnen til at eg ville hatt Zigbee er at eg begynner å få noko vel mange Z-Wave-einingar i nettverket mitt etter kvart, og kunne tenkt meg å spreie noko av trafikken over på Zigbee. 😊
  6. For Fibaro Wall Plug (Z-Wave) går det an å setje eit parameter som sperrar på/av-funksjonen ("Always On"). Den vil då ikkje lenger påverkast av på/av-kommandoar som kjem via Z-Wave-nettverket. Dette gjer i praksis pluggen om til ein rein energimålar. Er det nokon som veit om ein Zigbee smartplugg med tilsvarande funksjonalitet?
  7. Dette har eg aldri opplevd, og eg har temmeleg mange av desse. Sidan fastvare er oppdatera og du har prøva fabrikknullstilling fleire gonger så ville eg ha prøva meg på ein reklamasjon viss mogeleg.
  8. Det er mogeleg at eg misforstår kva du meiner, men ein kan bruke batteribrytarar til å styre scenario via Futurehome-appen. Eg brukar ein Heatit Z-Push Button 2 til å styre ein Fibaro Wall Plug på denne måten.
  9. Eg må tilstå at eg gløymde dette noko vekk. Eg er bortreist i dag, men kjem truleg heim i morgon ettermiddag/kveld. Eg skal sjå om eg får logga meg på Thingsplex og laga ein kjapp guide for korleis ein kan lage assosiasjonar på den måten. Eg kan ikkje garantere at det fungerer, men det er gjerne forsøket verdt. 😊
  10. OK, skal sjå om eg ikkje kan kome med nokon små tips. 🙂 Eg er bortreist på jobb til og med onsdag kveld. Gje meg gjerne eit lite "spark på leggen" etter den tid for å minne meg på det. 🙂
  11. Ja, TP er ikkje akkurat sjølvforklårande. Eg skulle gjerne guida deg til kor du kan finne assosiasjonsmenyen innpå der, men eg er ikkje heime akkurat no, så eg får ikkje logga inn. Eg hugsar det heller ikkje i hovudet... 😉 Uansett så skulle det ha gått å få til via appen. Eg ville ha kontakta FH per telefon (51 20 44 54) eller E-post ([email protected]) og teke opp saka med dei direkte.
  12. Har du berre prøva å setje opp assosiasjonen via appen, eller har du prøva via Thingsplex òg?
  13. I fylgje Sensative så er det òg slik at desse uansett begynner å vise 75 % seinast 2 år etter produksjonsdato (eller etter inkludering i Z-Wave-nettverket for nyare utgåver). Kvifor det er slik veit eg ikkje.
  14. Akkurat det kan eg skrive under på... 😂 "Been there, done that..." 😉
  15. Eg fekk erstatta eit heilt lass av desse på garantien grunna at dei gjekk tomme for straum på under eitt år. Der har visst kome ei oppdatera utgåve som fungerer betre enn dei eg hadde fått fyrst.
  16. Heisann! Eg har noko EnOcean-utstyr som eg har lagt ut for sal på Finn, men sidan det er snakk om såpass spesialisera ting så tenkte eg det kunne vere greitt å reklamere noko for det her. 😊 [SOLGT] 2 x Futurehome modusbrytar (Eltako FT55): https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=210443928 (kan seljast både samla og kvar for seg) 1 x Eltako rekkjeviddeforlengjar for EnOcean: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=210443462
  17. OK. Då begynner ting å verte klårare for meg. Slik som eg ser det så treng me nok ikkje å modifisere på anlegget for å gjere det smartare, me lyt berre lære oss å faktisk bruke det som det skal brukast... 😂 Slik er det når ting berre går på gamal vane utan at nokon eigentleg tenkjer så nøye gjennom ting... 😊 Takk for mange gode bidrag i denne tråden, folkens! Greitt å kunne nytte seg av den erfaringa som finst her på forumet. 👍
  18. Eg trur ikkje me tør å slå av varmen på natta, dette systemet skal vere ei frostsikring i hangaren, og det kan verte temmeleg krise viss det vert kuldegrader der inne. Uansett, som du seier, så er vel vassboren varme i eit så stort golvareal såpass treg at det neppe ville vere stort å vinne på dette...? Takk for gode innspel! 👍 Eg trur kanskje me berre droppar tidsfunksjonen og køyrer anlegget på ei innstilling heile døgnet. Klarar me å halde minimum fem plussgrader der ute 24-7 så er det godt nok. Det me truleg har gjort feil er at me har skrudd opp og ned på temperaturen på varmekolbane i staden for å berre justere opp/ned på romtermostaten eller regulatoren. Varmekolbane bør vel berre stå på ein fast temperatur heile tida så lenge anlegget er i bruk? Denne reguleringskurva, er det noko som vert stilt inn av dei som installerer anlegget? Eg kan ikkje finne nokon plass å justere dette.
  19. Eg såg klokka var feil og fekk stilt ho rett, men ho berre stoppar att. Det spørst som denne saken ikkje fungerer heilt som han skal, då.
  20. Trur faktisk eg fann "det manglande mellomledd", godt kamuflera bak ein haug med papir som låg i ei lomme i sikringsskåpet...
  21. Akkurat det er diverre lettare sagt enn gjort... Av ein eller annan grunn så går alle leidningane inn bak sikringsskåpet, så kva som går kor er uråd å finne ut utan å begynne å demontere delar av det. Så langt eg kan sjå så er der ingen knappar på den aktuatoren som er her på huset, ut over den vribrytaren som du allereie har nemnt.
  22. Denne karen her er det ingen på huset som veit kva er til... 😬 Kan det vere den regulatoren du nemner? Knappen på aktuatoren til shuntventilen trur eg står på 10. Eg prøva å vri på han, men han sit fast. Skal denne vere automatisk eller manuelt styrt?
  23. Alle sløyfene går til same hangarlokalet, men det er ein relativt stor hangar, så eg reknar med at dei har gjort det slik grunna storleiken. Eg meiner å ha høyrt at det er ei viss maksimumslengd på slike sløyfer? Elles takk for mange gode innspel! 👍 Det spørst om ikkje me bør ta ein kikk på shuntventilen og sjå om den fungerer som den skal og/eller er rett innstilt.
  24. Takk for innspel. Eg skal sjå nærare på dette. Eg har allereie sendt ein førespurnad til nokon lokale fagfolk, så får me sjå kva dei kan bidra med. 👍
  25. Eg vil nok tru dette er eit fornuftig råd. 😊 Stemmer det. Der er ei fyllekran, og den brukar me av og til. Det me har fått beskjed om er å prøve å halde trykket mellom 1,0 og 1,5 bar. Dette pluss temperaturen på varmekolbane er det einaste me stiller på.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.