Eg var i samme situasjon for eit drøyt halvår sidan. Vart overalt (av @Moskus) til å velge HomeSeer og har ikkje angra.
Begynte (veldig) enkelt og sidan den gang har det ballen rulla. Litt av poenget (eller ganske mykje) med automasjon er nettopp at du ikkje skal trykke så mykje, verken på ein app, nettside eller andre ting. Alle lys som er automatisert hos oss (Fibaro dimmer 2) kan styrast frå brytar som ved eit konvensjonelt anlegg, også dersom systemet går ned. Vi bruker Google Home, f.eks "Hey Google, skru på kaffitraktar". Har etterkvart utvida med 433 MHz til diverse temp.sensorar, røykvarslarar, billige pluginmodular til juletrelys osv. Stadig fleire plugins gir muligheit for utivda funksjonalitet. Kan nemne f.eks TibberSeer, EasyTrigger, Neato (robotstøvsuger), Yr. Kan også nevne at Arduino-kort kan brukast mot HomeSeer, både med og utan plugin. Bruker dette for f.eks styring og overvåking av garasjeportar, temperatursensorar til varmtvannstank, kjøleskap, fryseboks samt dørkontaktar til dei to sistnemnde. Tilsvarande for Z-wave vil koste ein liten formue.
Har ikkje investert i HSTouch, men brukar HSBuddy til det som blir styrt manuelt og det fungerer bra med eit ok++ grensesnitt.
Kunnskap/kompetanse og interesse går hånd i hanske og ønsket om utvida funksjonalitet kjem GARANTERT etter kvart. Då er det veldig synd om du er låst til eit enkelt system og må begynne frå scratch...