Jump to content
  • Sign Up
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Members
  • Posts

    835
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    20

Other groups

Members

bjornepappa last won the day on September 3

bjornepappa had the most liked content!

Hjemmeautomasjon

  • System
    HomeSeer

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

bjornepappa's Achievements

Kodemaker

Kodemaker (11/16)

  • Dedicated Rare
  • First post
  • Collaborator
  • Posting Machine Rare
  • Reacting Well

Recent Badges

202

Reputation

  1. Fekk ein gratis ZXT600, så då gjekk eg for den. Og det ser ut til å fungere knirkefritt så langt 🙂
  2. Har ikkje konkret prøvd det du foreslår. Men det høyrest ut som ein dårleg idé, og det er stor fare for at det skaper meir ugagn enn nytte. Du har sikkert alt z-wavenoder med fast strømforsyning så optimalt plassert i både hus og garasje/utebod som praktisk mogleg for å få meshnettverket til å fungere? Om du likevel ser det nødvendig å ha ein ekstra z-wavedongle så må nok dette settast opp som eit separat z-wavenettverk. Det betyr at aktuelle noder må ekskluderast frå eksiterande nettverk og inkluderast på nytt i det nye nettverket.
  3. No er det vel kanskje eit år sidan eg gjorde dette, men det gjekk greit å inkludere ja. Måtte, sånn som det ofte blir, ha eit par forsøk for å komme "på gli" men så gjekk det bra. Usikker på det siste - men det fungerer 😄
  4. Eg kjøpte Housegard origo tidlegare i år. Ser ut til å fungere bra og uten mange falske alarmar, i motsetning til våre KD101 som vi hadde før. Ikkje er prisen så verst heller. Desse kommuniserer via 433 MHz og kan integrerast i huset via RFXtrx433. Dei forskjellige detektorane er seriekopla, men har likevel unik adresse slik at ein f.eks kan få pushvarsel om kva for ein som har løyst ut først.
  5. Ganske utruleg at eg ikkje kopla, men eg har fått samme problemet sjøl. Merka det nok ikkje sjøl då vi dreiv med oppussing av stove og kjøkken der stemmestyring via Google Home blir brukt. Trur det må ha oppstått når det vart innført betaling for å ha Google Home integrert. Har funne ei løysing som fungerer greit - opprett ein virtuell device per event som skal køyrast, aktiver voice command på denne og trigg aktuelle events når virtuell device blir aktivert. Det burde være unødvendig, men det fungerer...
  6. Vi har etterkvart varmepumper i huset, der våre to Toshiba blir styrt av hhv. Sensibo og Remotec ZXT120. Begge deler har fungert knirkefritt over fleire år, vha. Sensiboplugin og z-wave. Varmepumpe nr. 3 er Panasonic, som vart tidlegare styrt vha. DaikinSeer. @Guahtdim har komme med gjentatte oppdateringar etterkvart som Panasonic (og Daikin) har endra på sine API, men det ser litt dødfødt ut i lengden, og p.t. har eg ingen styring av denne via HomeSeer. Så eg er i grunn komme dit at eg ikkje ser andre utveger enn å styre denne via IR. Det har tross alt fungert veldig bra på dei to Toshibapumpene. Som sagt har både Sensibo og ZXT120 fungert knirkefritt. Derimot er det meir fristande å gå for ei løysing som fungerer uavhengig av internett og sky, i praksis Z-wave. ZXT120 er for lengst erstatta av ZXT600, så vidt eg kan finne er det ikkje komme nyare versjon. Men eg er open for innspel. Er det f.eks andre løysingar eg ikkje har tenkt på, andre gode og dårlege erfaringar med både Sensibo og ZXT600, og då gjerne spesifikt mot Panasonic. Takk for alle svar 🙂
  7. Etter stadige innbrudd med påfølgande redusert kjeksbeholdning vart det i dag konkludert med at dette ikkje kan fortsette. Fleire tiltak vart vurdert, før konklusjonen vart å montere Aqara dørsensor! Testa med god effekt, så får vi sjå framover om tjuven ved neste anledning får ein overraskelse 😁 Snapchat-532688679.mp4
  8. I tilfelle kan du bruke denne typen og få god plass.
  9. Multisensor 6: Eg har akkurat lagt til ein del nye MS7, og fleire av dei måtte ha mange forsøk (5-6) for å bli inkluderte. Prøv gjerne igjen og igjen...
  10. bjornepappa

    Brytere?

    Dersom Homey går ned for telling - vil du ikkje fortsatt ha muligheit til å skru av og på lys og vifte?
  11. Støttar tankane om å ha dumme lampar og smarte dimmarar. Her går det stort sett i Fibaro Dimmer 2. Har ein blanding av Z-wave og Zigbee, og min erfaring er at Z-wave er langt meir stabilt. Zigbee er greit, men det er litt for ofte "hikke" og ein del noder, spesielt Ikea sine, som må restartast. Slikt skjer aldri på Z-wave. Veldig blanda erfaringar med levetid på LED-lyspærer. Enkelte har levetid omtrent som ei glødelampe, men eg har no ein god del vanlige, dimbare E27-pærer frå Ikea og dei har vist seg å ha veldig god levetid. Desse dimmar også veldig fint, men har ikkje dim to warm. Og så er dei billige. Vi har downlights i stove, kjøkken og bad (og snart gang - oppussing snart ferdig) og har her gått for dim to warm. Det gir eit veldig behagelig og fint lysbilde når det er dimma langt ned.
  12. Har du lang avstand frå dei aktuelle nodene til Homey? Det hender med dei fleste z-wavenoder at ein må ha fleire forsøk før inkludering går i orden, problemet kan være spesielt stort om det er lang avstand. Først etter inkludering finn nodane fram i meshnettverket.
  13. Alt kan lærast 🙂 Men du kan gjerne bruke Fibaro Smart Implant (Z-wave) med DS18B20 temperatursensorar. Du må skøyte ledningane på eit vis, men du kan bruke wagoklemmer, skøytehylser eller anna valgfri metode.
  14. Må nok melde pass der, har null erfaring med Homey. Men eg vil i grunn heller anbefale å gå for ein type sensor som er enkel å ta inn i Homey. @stigvi sin anbefaling f.eks, eg har også ein haug av desse rundt i huset og erfaringane er gode, men originalt CR2032 har eg lite tru på at overlever så lenge i -20 grader så i tilfelle ville eg gått for løysinga med litium-AA-batteri.
  15. Eg har slike i fryseskap og kjøleskap. Fungerer topp topp, men det krev naturlegvis RFX eller tilsvarande.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.