Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Her er øvre del av sikringsskåpet, samt oversikta over kursane. Det einaste du ikkje ser på biletet av sikringsskåpet er straummålaren, ein jordfeilbrytar og ein brytar til nokon elektriske varmekablar i ein annan del av bygget. Eg tok òg med eit oversiktsbilete over røyropplegget:
  2. Det der høyrdest skremmande kjent ut, gitt... 🙄
  3. Eg er redd der ikkje er nokon att i dette selskapet som veit korleis dette varmeanlegget er kopla saman... 😂 Det einaste me gjer med det er å stille opp og ned på temperaturen på dei to elkolbane ettersom utetemperaturen går opp og ned, og så tek me straumen på elkolbane (via automatsikring) i sumarhalvåret når dei ikkje trengst. Her er nokre bilete til. Eg ser ingenting som er kopla saman med noko anna direkte, alle leidningar går inn bak sikringsskåpet.
  4. Eg tenkjer du er inne på noko der. 🙂 Det var noko slikt som dette eg såg føre meg måtte vere det enklaste. Plasseringa av temperatursensoren lyt nok vurderast nøye, ja, men det viktigaste er at temperaturen innover i hangaren ikkje kjem under frysepunktet, for det er der vassrøyr og anna som ikkje likar minusgrader ligg. Eg ser føre meg bakveggen ein eller annan plass som ei høveleg plassering for sensoren. Det er gjerne greiast å gå for noko som kommuniserer via WiFi så me slepp å gå for ein eigen smarthub, så sant der finst noko som er høveleg?
  5. Ja, eg var visst noko gnien med informasjon i går, beklagar det... 😊 Her er eit bilete av dei to elkolbane: Dette var det beste eg hadde i farten, men eg skal få skaffa meir informasjon om effekt og eventuelle kontaktorar utover dagen. 🙂 Der er altså innstilling av temperatur på båe desse. Når det gjeld pumpene så trur eg rett og slett dei berre står og går heile tida. Der er ingen sensorar som eg veit om som styrer desse. Den einaste justeringa me kan gjere er å justere temperaturen på varmekolbane. Då seier det seg sjølv at dette vert eit temmeleg dårleg og uøkonomisk opplegg... Viss me vil vere sikre på at det ikkje skal fryse (det kan gå ei veke eller to mellom kvar gong det er folk innom her) så må me gjerne skru opp temperaturen meir enn det som strengt teke er naudsynt. Viss me ikkje gjer det så risikerer me at det vert kuldegrader inne viss utetemperaturen går for mykje ned.
  6. Heisann! På jobb har me ein relativt stor hangar som er varma opp med vassboren varme i golvet. Det varme vatnet kjem frå to stykk elkolbar, som ikkje akkurat er ei billeg løysing... 🤑 Eg lova sjefen å sjekke litt kva mogelegheiter som finst for å kunne styre desse noko smartare. Min fyrste tanke var ein temperatursensor i hangaren som styrer ein eller annan form for smart brytar på elkolbane. I den samanheng er det to ting eg lurar på: 1. Kva er den enklaste og billegaste måten ein kunne fått til noko slikt som dette på? 2. Med mitt forslag får ein berre slått elkolbane av og på, ikkje justert temperaturen på dei. Er det nokon som veit om ei løysing på dette? På førehand takk for alle slags svar og innspel! 😀
  7. Ny pris på denne er no kr 200,- pluss frakt. 😊
  8. Eg sel ein Aeotec Heavy Duty Smart Switch. Denne har vore i bruk i eit par månadar, men var eit feilkjøp. Eg skulle bruke han til å styre ei trefaslast, men fann i etterkant ut at dette ikkje var mogeleg. Switch-en endte såleis opp med å styre eit relé, noko som må kunne seiast å vere århundrets overkill... 😂 Switch-en har fungert heilt som han skal, og ser så godt som ny ut. Dei einaste bruksmerka er der han har vore skrudd fast i veggen samt i eitt av gummideksla der kablane går inn/ut. Sjå bilete. Eg kunne sett føre meg kr 700,- pluss frakt, men det er sjølvsagt lov å gje bod. 😊
  9. Ja, eg lyt satse på at det går i orden for meg òg. 😊 Å byte kontroller er for tida fullstendig uaktuelt. Eg har rett og slett ikkje tid til å styre så mykje med dette. Eg har bruka meir enn nok tid på å få sett opp systemet slik det er no... 😂 Uansett, ut frå det du seier så er det tydeleg at grensa på 160 ikkje er 100 % hogd i stein. Eg trur uansett eg skal klare å ikkje gå over 160, så då bør det kunne gå greitt. 😊
  10. Tja, i fylgje Silicon Labs så er visst ikkje dette så enkelt som ein skulle tru... Sjå nedst på biletet. Her seier dei at systemet ikkje taklar meir enn 160 einingar. Eg har 134 per i dag og har av Futurehome blitt åtvara på det sterkaste mot å leggje til fleire. Eg hadde planlagt med ikring 150 einingar før eg var i mål, men veit ikkje heilt kva eg skal tru...
  11. Spennande! 😃 Spesielt det med at grensa på 232 einingar (som i realiteten er lågare enn dette, så langt eg har skjøna) vert borte er noko eg set pris på! 👍
  12. Eg stemmer i med resten her, eg har fleire Fibaro Dimmer 2 (og ein Switch 2) bak to-pola brot. Det fungerer heilt uproblematisk. 🙂
  13. Lite respons på denne på Finn.no, men eg tenkte kanskje det kunne vere ein del her som kan ha bruk for noko slikt: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=184038955
  14. Ja, både 19 og 21 står på 300 her i huset òg. 20 og 22 har eg førebels ikkje gjort noko med.
  15. Takk for tipset! 👍 Eg er på siste FW, ja. Eg oppgraderte etter at eg måtte fabrikknullstille alle termostatane etter eit nettverkshavari (der akkurat dette truleg var ein stor del av årsaka).
  16. Dei har eg lese opp og ned og i mente utan å verte så veldig mykje klokare... 😉 Viss eg fylgjer tilrådingane frå Aeotec for MS6 på fast straum, til dømes, så havarerer heile nettverket mitt... 😂 Det var difor eg ville innhente litt erfaringar frå andre som bruka tilsvarande utstyr. OK, takk for tipsa! 👍 Har sett fem minutt på båe delar her i huset no. Som du seier så er det nok lurt å vurdere å ha litt oftare rapportering på MS6 når ein brukar verdiane frå desse til styring av noko. Førebels gjer eg ikkje det.
  17. For litt sidan laga eg ein tråd i høve til store Z-Wave-nettverk. Diverre så har nok denne gått tapt då forumet krasja. Eg er framleis interessera i å få innspel viss her er andre med store nettverk som har gode tips, råd og åtvaringar med tanke på optimalisering. Når eg seier store så tenkjer eg i området 100-150 einingar. @Moskus, eg meiner å hugse at du hadde like stort nettverk som meg, og ein del av dei same einingane? Eg er veldig interessert i kva parameter du har sett på Aeotec MS6 og Heatit Z-TRM2fx, då eg har ein god del av desse og har inntrykk av at dei har vore blant dei mest problematiske av einingane mine.
  18. Eg stemmer òg for å prøve med donasjonar kontra betala medlemskap og/eller reklame. 😊
  19. Traurig at dette skal vere SÅ vanskeleg å få til... ? I mitt hovud burde dette vere såre enkelt, men det er det no mykje som er oppi hovudet mitt utan at det er det i den verkelege verda... ?
  20. @Bjonness: Mange takk for tipset! Eg dobbeltsjekka no, og IGMP Snooping er på, både for IPTV-VLANet og for dei to andre VLANa eg brukar.
  21. No har eg bruka oppsettet til @aleks i eit par veker, men det ser ikkje ut til å fungere heilt optimalt her i huset. Omtrent kvar gong eg startar dekodaren får eg feilmeldinga "Error #102000: Unknown error", som Altibox har stadfesta at har med å gjere at dekodaren ikkje får kontakt med heimesentralen. Eg har òg lagt merke til at det tek ein del lenger tid enn vanleg før meldinga "Ethernet er tilkoblet" kjem opp på skjermen. Alt startar som det skal trass i denne feilmeldinga, men det går som sagt temmeleg seint. Vidare så tykkjer eg at dekodaren er noko mindre responsiv enn før, og bilete/lyd kan hakke/henge noko av og til når ein ser på fjernsyn. Aller best merkar eg det viss eg har gjort eit opptak frå fjernsyn og skal spole i dette. Då tek det laaaaaang tid før dekodaren reagerer på kommando frå fjernkontrollen, og eg lyt som regel spole att og fram nokon gonger for å kome dit eg vil i opptaket. Sidan dette oppstod etter at eg kopla alt via switch så reknar eg med at det er her feilkjelda ligg. Men eg kan ikkje heilt skjøne kva som skal kunne vere problemet? Switchen har då meir enn nok kapasitet til dette, og dekodar og TV-utgong frå heimesentral har sitt heilt eigne VLAN å boltre seg på. Nokon idear til korleis eg kan få fiksa dette?
  22. Hjarteleg takk skal du ha, @aleks! ?? Dette fungera veldig greitt! Eg har styra og kava i fleire månadar for å prøve å kople IPTV-signalet via USG. Eg hadde heilt gløymt å tenkje på at eg kunne gjere det så enkelt som dette for å sleppe unna det (for meg) knotete IGMP Proxy-oppsettet i USG. ?
  23. OK, så du kan altså styre denne kontaktoren manuelt i tillegg til automatisk?
  24. Absolutt, men det hjelper ein del med den nye tilbakemeldingsportalen deira, der er ting i alle fall meir samla på ein plass: https://futurehome.canny.io/ ?
  25. @Kubiskisk: Der er ei oppdatering til huben som ikkje let seg installere per i dag, dette er ein kjend feil. Det er kanskje denne du tenkjer på, den som du finn via den nye appen?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.