Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Det skulle neimen ikkje vere enkelt, dette. No har eg vore gjennom brukarrettleiinga for Smart Meter ein gong til, og eg meiner framleis heilt klårt å forstå det slik at manuell av/på via Z-Wave vil fungere. Men sikker er eg neimen ikkje... ? Her er lenkja til brukarrettleiinga viss der er nokon klokare hovud enn meg som gidd å ta ein kikk: https://qubino.com/manuals/3-Phase_Smart_Meter.pdf ? Elles er kanskje det enklaste å berre sjekke med Futurehome support, sidan det er mot Futurehome eg eventuelt skal bruke denne løysinga.
  2. He he, ja, eg kan ikkje anna enn å vere ærleg på akkurat det! ? Heilt klårt. Eg tykte dokumentasjonen til Qubino var noko uklår med tanke på dette, men der stod ting som i mine augo indikerer at dette skal gå an. Det var difor det hadde vore så greitt å høyrt frå nokon som faktisk har testa dette, men desse er gjerne ikkje så vanlege her på berget. Eg får finlese litt til og sjå om eg vert noko klokare! ?
  3. Eg har vore på utkikk etter ei løysing for å slå av/på ei 230 V 3-fas last (varmekolbe i akkumulatortank) via Z-Wave, samstundes som eg gjerne vil kunne sjå straumforbruket for denne lasta. Utan å ha tenkt meg om skikkeleg så kjøpte eg ein Aeotec HD Smart Switch til dette. Smarte meg oppdaga for seint at denne ikkje støttar 3-fas... ? Sidan eg likevel hadde kjøpt denne så vart løysinga å setje inn eit "dumt" 3-fas-relé i sikringsskåpet og kople Smart Switch-en til dette. Antakeleg tiårets overkill, men eg hadde no Aeotec-en likevel, og det var for seint å sende han i retur. ? Slik sett så har eg løyst fyrste del av problemstillinga (av/på via Z-Wave) på ein fungerande måte per i dag. Så var det straumforbruket, då. Ein tanke var å installere eit Qubino 3-Phase Smart Meter på den aktuelle kursen: https://qubino.com/products/3-phase-smart-meter/ Då har eg oppfylt det andre kriteriet òg (straumforbruk), men då har eg altså tre dingsar for å gjere ein jobb... Litt tullete, tykkjer eg. Men då eg begynte å lese litt nærare på Qubino-en så kom eg over denne teksten her: Dette høyrdest interessant ut. Eg kikka noko nærare på den aktuelle dingsen: https://www.vesternet.com/products/qubino-32a-bistable-switch-for-smart-meter/ Den skulle vere sterk nok til å takle den aktuelle lasta, og i fylgje vedlagde koplingsskjema frå Qubino så skulle det ikkje vere noko i vegen for å gjere det slik som eg tenkjer, så langt eg har skjøna? Eg har lese meg litt opp på desse produkta, og eg meiner å forstå det slik at ein kan slå desse reléa av/på manuelt via Qubino-en, ikkje berre som ein automatisk funksjon basera på ein sett grense for straumforbruk? Viss dette fungerer slik som eg vonar og trur så skulle eg då kunne både styre av/på og sjå straumforbruk via Qubino-en? Då kunne eg heller selt Aeotec-en bruka og fått ei enklare totalløysing. Er det nokon som har prøva dette her, eller som ser noko eg har oversett som gjer at dette ikkje vil fungere?
  4. No for litt sidan så klaga kona på at der brått ikkje var vatn i huset. Me har ein elektrisk vasstoppventil som er styrt via eit Heatit Z-Relay, så min fyrste impuls var å sjekke dette. Jau då, den var stengd. Ikkje kunne eg skjøne korleis det hadde gått føre seg, og eg gjekk vel rimeleg langt i å insinuere brukarfeil frå kona si side... ? Det var uansett berre å slå på att vatnet, og så var alt greitt. Likevel fekk eg ikkje ting til å hengje heilt i hop, så eg feilsøkte vidare. Etter temmeleg lang tid såg eg at ein feil i systemet hadde gjort at Z-Relay hadde blitt omgjort frå apparat til ljos i systemet. Reléet står montert i teknisk rom, og i teknisk rom har eg multisensorar som slår på alt av ljos ved rørsle. Gjett kva som då skjedde med vatnet når nokon bevega seg inn i teknisk rom... ? Det var mest flaks som gjorde at eg fann ut av dette såpass kjapt. Eg ser føre meg at dette fort kunne ha blitt eit mysterium i dagevis, og kan såleis langt på veg skjøne korleis nokon kan få føre seg at huset deira er heimsøkt av gjenferd og desslike... ?
  5. Ja, etter eit 2019 der det ikkje skjedde så mykje - i alle fall ikkje på overflata - så ser 2020 ut til å verte eit veldig spanande år å vere Futurehome-kunde! ??
  6. Her er eit opptak av lanseringsamlinga som Futurehome hadde i førre veka for dei som er interessera i det: https://www.youtube.com/watch?v=PucgjveA_7M
  7. Heisann! Det er ikkje sikkert at alle på forumet her er så aktive på Slack-kanalane til Futurehome at dei har fått med seg dette her: Futurehome har nyss kome med ein portal for tilbakemeldingar der ein både kan kome med forslag til framtidig funksjonalitet og melde inn feil. Så kan andre som er innpå portalen stemme fram dei forslaga dei likar best og/eller dei feila dei òg slit med. På denne måten kan ein vere med å påverke kva som vert utvikla frametter samt prioriteringsrekkjefylgja. Ta ein kikk her: https://futurehome.canny.io/ Eg vil tilrå alle som brukar Futurehome å bruke denne portalen aktivt så me som brukarar kan få fram dei tinga me ynskjer at dei skal satse på og/eller ordne opp i! ?
  8. Du skal fint kunne bruke Heatit Z-Push Button mot Fibaro Dimmer 2 utan vanleg ljosbrytar så sant det systemet du skal bruke støttar scenario og/eller assosiasjonar. No er eg personleg slik skrudd saman at eg føretrekk å ha manuell backup på absolutt alt (i alle fall alt som må fungere i kvardagen), men her er folk ulike. ?
  9. For å vere ærleg så har eg personleg dårleg erfaring med dette. Eg måtte stille dei så langt ned at dei begynte å slå alt for seint ut på folk til slutt, og likevel hendte det at me fekk ein falsk "katte-alarm"... ? No har eg dei på høgaste sensitivitet og tenkjer me berre lyt leve med at kattane slår av og på ljoset i gangen rett som det er. ?
  10. OK, den er grei! Eg tenkte det måtte vere slik sidan det kan vere om å gjere å vere nær hub når ein legg til ting sikkert, men at dette ikkje har så mykje å seie når den aktuelle tingen fyrst er lagt til. Elles var det ein særs fin analogi å bruke forskjellen på brev og postkort! ??
  11. Heisann! Eg har ikkje klara å finne svar på dette her med å søkje på nettet, så eg prøvar meg her: Vil ei Z-Wave-eining som er inkludert sikkert kunne fungere i mesh via både sikre og usikre einingar, eller berre via sikre einingar? Eller vil ikkje desse fungere i mesh i det heile teke?
  12. Trur eg er med på kva du meiner, @iceball. ? Eg finn nok ei løysing på det.
  13. Takk for svar, Moskus! Det var det eg var redd for, det verka på meg som om DoorBird ikkje forstod heilt kva eg spurde om... Då lyt eg vel enten bore hol i veggen som du føreslår (det er heldigvis trevegg ?), eller eventuelt lage/kjøpe ein brakett av eitt eller anna slag.
  14. Heisann! Eg ynskjer meg ei videoringeklokke med PoE, og har sett ein del på DoorBird D101. Det eg lurar på er fylgjande: Der eg har tenkt å ha klokka kjem der ut ein nettverkskabel med RJ-45-plugg frå veggen. Eg lura på om der er plass bak sjølve ringeklokka til både denne og PoE-adapteret, men vart ikkje noko klokare av å lese dokumentasjonen. Eg sendte E-post til DoorBird om saka. Fyrst fekk eg til svar at nei, dette gjekk ikkje. Så tenkte dei seg om litt og kom fram til at jo, det gjekk visst likevel. ? Viss det er nokon her som har montert denne ringeklokka på tilsvarande måte som eg ser føre meg så kunne eg tenkt meg ei stadfesting på at dette faktisk går før eg eventuelt bestiller. ?
  15. Då har 2020-katalogen frå Heatit/ThermoFloor kome: http://ipaper.ipapercms.dk/ThermoFloor/Katalog/?_ga=2.76358165.1042122349.1579271506-1647139307.1572016934#/ Litt ymse nytt på gang: Z-TRM3, Z-Temp2, Z-Smoke Detector (230 V og batteri) og Z-Repeater. Personleg er eg noko skuffa over a Z-Stove Guard ikkje er med i katalogen, eg hadde vona at denne kom i løpet av 2020.
  16. @Ingeb: Beklagar seint svar på denne, eg får skulde på sumarferie og mykje å gjere i førekant av denne... ? Eg har enno ikkje klara å finne ut korleis eg skal få til dette, men eg får prøve meg fram i neste friveke. Takk for innspela så langt, eg kjem nok attende til denne tråden viss eg ikkje finn ut av det snart, og så sant eg finn ut av kva eg faktisk skal spørje om... ? Ikkje ei enkel nøtt å knekkje, dette her...
  17. Då har eg funne ein del feil eg hadde gjort, og kome fram til fylgjande config.gateway.json: { "interfaces": { "ethernet": { "eth0": { "address": "10.160.10.1/24", "description": "LAN", "duplex": "auto", "speed": "auto" }, "eth2": { "address": "dhcp", "description": "Internet", "duplex": "auto", "firewall": { "in": { "name": "WAN_IN" }, "local": { "name": "WAN_LOCAL" } }, "mac": "XX:XX:XX:XX:XX:XX", (<---MAC-adressa frå baksida av Altibox FMG) "speed": "auto" }, "eth3": { "address": "dhcp", "description": "IPTV", "dhcp-options": { "default-route": "no-update", "default-route-distance": "210", "name-server": "update" }, "duplex": "auto", "speed": "auto" } }, "loopback": { "lo": "''" } }, "protocols": { "igmp-proxy": { "interface": { "eth0": { "alt-subnet": "172.21.0.0/16", "role": "downstream", "threshold": "1" }, "eth3": { "alt-subnet": "172.21.0.0/16", "role": "upstream", "threshold": "1" } } }, "static": { "route": { "0.0.0.0/0": { "next-hop": "YYY.YYY.YYY.YYY" (<-- Gateway for Altibox FMG) }, "172.21.0.0/16": { "next-hop": "192.168.10.1" } } } }, "service": { "nat": { "rule": { "5010": { "description": "masquerade for WAN", "destination": { "address": "0.0.0.0/0" }, "outbound-interface": "eth2", "protocol": "all", "type": "masquerade" }, "5015": { "description": "masquerade for IPTV", "destination": { "address": "172.21.0.0/16" }, "outbound-interface": "eth3", "type": "masquerade" } } } } } Noko av det eg fann som var gale var at det ser ut som om portane på min USG Pro er noko annleis namngjevne enn vanleg: lan1 = eth0 (LAN) lan2 = eth1 (inaktiv) wan1 = eth2 (Internett - port 4 på FMG) wan2 = eth3 (IPTV - port 1 på FMG) Dette har eg retta i fila over, samt nokon skrivefeil og andre feil. Det som skjer når eg prøvar å leggje inn dette er at eg ikkje får USG-en til å akseptere denne json-fila. Eg legg ho inn, men USG-en vert berre ståande og spinne i ein såkalla "provisioning loop". Det er så langt som eg har kome. Det eg lurar noko på er om eg lyt opne opp WAN2-porten i UI eller ikkje? Viss ja så er eg noko usikker på kva eg skal setje inn her: Som de ser så kan eg for "Load Balancing" velje "Failover only" eller "Weighted LB". Men dette vert vel noko feil, då det ikkje er load balancing WAN2 skal brukast til i det heile teke? Skal eg berre la vere å gjere noko her? Eg vonar noko kan hjelpe meg på veg, det begynner å verte frustrerande å ikkje få dette til! ? @Ingeb og @cozmo, eg ser at de har mykje kunnskap om dette og har kome med mykje god informasjon i denne tråden. Eg har prøvd å fylgje det de har skrive så godt eg kan, men kjem som sagt ikkje vidare. Ser de nokon opplagde ting i det ovanfor som ikkje stemmer?
  18. Då har eg akkurat prøva å kople Altibox FMG via min UniFi Security Gateway Pro. Det fyrste forsøket gjekk rett til skogs, for å seie det slik... ? Oppsettet eg prøva meg med er som fylgjer: Redigera 10. juni 2019: Sletta grunna feil i oppsettet, det er ingen vits i at eg let eit oppsett med feil i liggje her for å forvirre andre. ? Sjå innlegget mitt under her for det siste oppsettet eg har kome fram til. Dette er basera på eit opplegg som vart posta i denne tråden for nokon sider sidan, men eg skreiv det om att for å prøve å lære meg litt av denne kodinga. Så køyrde eg det gjennom ein såkalla "JSON-validator" og gjorde nokon endringar basera på det. Er det nokon her som ser kva som er gale? Eg er diverre rimeleg fersk på denne programmeringa her, mi særs avgrensa karriere innanfor programmeringsfaget bestod stort sett i å programmere HTML i Notisblokk i tenåra... ? Her er feilmeldinga eg fekk i loggen i UniFi: Dette seier meg ikkje så mykje, men kanskje nokon her får meir ut av det? Ut over det eg har gjort her med programmering av config.gateway.json så har eg slått på IGMP Snooping i switchen.
  19. Heisann! Dette er kanskje ikkje 100 % direkte relatera til heimeautomasjon, men eg reknar med at det er ein del her inne som har nokon rimeleg godt utstyrte dataskåp. Såleis høver nok dette her ei aktuell målgruppe! ? Eg sel ein splitter ny Heilt ny BlueWalker PowerWalker UPS VI 2200 RLE grunna at det ikkje var plass til han i mitt dataskåp (grunna djupn). Sjå annonse på Finn.no for meir detaljar: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=147496763 Viss nokon lurar på noko ut over det som står i annonsen så er det berre å kontakte meg her i denne tråden eller via PM. ?
  20. He he, tillat meg å omformulere meg eit ørlite grann... ? Det kan ha ein viss verdi å kople ut slikt ved brannvarsel. Viss røykvarslaren på kjøkkenet begynner å merke noko så har eg lyst til at alt maskineri som står på og kan vere årsaka til røyken/varmeutviklinga vert slege av tvert. ? Men for all del, betre føre var, som du seier så er det greitt å kunne ta ein sjekk på om ein kom i hug å slå av kokeplata før ein reiser ut for å kløyve ved! ?
  21. Ikkje eg heller. Eg såg det heilt tilfeldig no i dag, då eg hadde meg ein runde innom Facebook-sida deira for å sjå om eg kunne ha vore så heldig at Z-Dim var klart for lansering... ?
  22. Dessutan har det ein viss verdi å kunne kople ut slike ting som dette her automatisk ved brann, skulle eg meine. ?
  23. Her er eit alternativ på 16 A frå Qubino: https://shop.futurehome.no/nb_NO/shop/product/smart-plug-16a-1943/
  24. For dei som måtte vere interessera så ser eg at Heatit har kunngjort vegleiande utsalspris for Z-Dim på Facebook-sida si no for litt sidan: Dei seier at desse vil liggje på kr 790,- eks. MVA (altså kr 987,50 inkl. MVA). Då høyrast det altså ut som om der endeleg er ein Z-Wave vridimmar på gong som kan vere eit prismessig akseptabelt alternativ til Fibaro Dimmer 2 + impulsbrytar (i alle fall viss ein skal ha Bypass i tillegg)! ?? Nokon dato for når denne er klar har dei ikkje kome med enno (så langt eg kan sjå), men eg vonar det nærmar seg! ☺️
  25. Ja, det er det eg òg vonar, at når både Heatit og Q-Light (og kanskje andre?) kjem med tilsvarande produkt så vil kanskje prisane gå ned til eit meir akseptabelt nivå. ? Det er nok ei mager trøyst, men du er ikkje den einaste som har misforstått dette og/eller blitt skuffa over det... ?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.