Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    124
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Jau, men ein må vel ha minst eitt slikt brytar- eller dimmarrele bak, og då vert det fort ein annan pris...?
  2. Du finn han til dømes her: http://support.sedevices.no/support/solutions/articles/7000040880-prisliste/ Ser fin ut, men kostar diverre ein arm og ein fot... ?
  3. Skjønar. Takk for godt svar både her og i det andre innlegget du refererer til. ? Eg såg over saker og ting her tidlegare, og fann ut at eg (så sant eg ikkje har blingsa grovt) kjem til å ende opp med utelukkande Z-Wave Plus-einingar i systemet mitt, så då skjønar eg at ting i prinsippet skal ordne seg sjølv over noko tid. Når det gjeld spørsmålet mitt om å flytte ting rundt etter inkludering så tenkte eg ikkje på å flytte det rundt i "hytt og pine". Eg tenkte meir på at det er tilrådd å vere nær huben viss ein brukar sikker inkludering, for så å flytte den aktuelle dingsen til plassen sin etterpå.
  4. Eg sendte akkurat ei melding til Fibaro om dette på Facebook. Eg fekk svar som forventa, men nytta då høvet til å "skjemme" dei noko og be dei om å gjere noko med dette i framtida. Viss mange nok gjer dette så kan det nok hende at dei snur på flisa etter kvart. Det er synd at ein ikkje skal kunne bruke denne mogelegheita for oppdatering av di enkelte produsentar skal sitje på kvar sin haug og berre promotere sitt eige...
  5. Eg har søkt litt rundt på nettet for å finne svar på dette, men eg tykkjer ikkje den informasjonen eg har funne er heilt eintydig. Difor spør eg her: Stemmer det at viss ein har eit oppsett med berre Z-Wave Plus-einingar så er det ikkje noko behov for å optimalisere nettverket lenger? Viss ja på førre spørsmål, vil det seie at det ikkje har noko å seie kor einingane er reint fysisk under inkludering? Eg har tidlegare forstått det slik at alle einingar bør inkluderast så nær som mogeleg der dei faktisk skal stå. Er det slik at med Z-Wave Plus så kan ein berre inkludere kor som helst, og så finn systemet sjølv nye ruter viss ein flyt rundt på ting?
  6. Skjønar. Takk for tipset, som du sikkert skjønar så har eg ein del å lære om VLAN! ☺️
  7. Jau, det er nok så, ein lyt nok leggje litt meir innsats ned i det enn berre å opprette eit eige VLAN og tru at det løyser alle verdsproblem. ? No er eg langt frå nokon nettverksekspert, men eg ville no tru at viss ein set det opp skikkeleg så vil separate VLAN kunne fungere som eit ekstra lag med sikkerheit...? Det eg tenkte på var at viss smarthus-ting og Wi-Fi/kabla heimenettverk er på ulike VLAN så vil ein ikkje enkelt kunne kome inn i det eine viss ein bryt seg inn i det andre. Er det feil tenkt av meg?
  8. Stemmer, eg tenkte kanskje det var slik. ? Skulle hatt ein temperatursensor nede med golvet òg, sidan Futurehome (som eg skal ha) reknar snittet mellom sensorane i kvart rom, då burde det vel blitt nokolunde rett. Men så mykje pengar har eg ikkje tenkt å bruke på det, då kan eg heller ta jobben med manuell kalibrering! ?
  9. Hei! Eg er i ferd med å få sett opp smarthus basert på Z-Wave i desse dagar. Eg ser at eg i dei aller fleste rom kjem til å ende opp med temperaturfølarar berre i taket (røykvarslar og/eller multisensor). Er der nokon høveleg grei "tommelfingerregel" for kor mykje varmare det er oppunder taket i eit rom i forhold til nede med golvet? Eller er det såpass individuelt frå hus til hus/rom til rom at det ikkje går an å seie noko generelt om det?
  10. Eg har tidlegare blitt fortalt at meldingane som går til/frå Z-Wave-einingar som er lærte inn sikkert er fire gonger større enn viss dei er lærte inn usikkert, og at det er dette som skaper tregleik i systemet viss der er mange einingar som er lærte inn sikkert. Eg forstod ikkje at her var nokon forskjell på "vanleg" Z-Wave og Z-Wave Plus, men det kan godt vere at det berre er noko eg ikkje har fått med meg. Eg vart i alle fall tilrådd å berre leggje til låsar, garasjeportopnarar og tilsvarande med sikker innlæring, og så lære inn alt anna utstyr usikkert.
  11. (NB: Eg er ikkje elektrikar og har heller ikkje tenkt å prøve meg på noko ukurant hobby-oppkopling her. Eg spør berre av di eg er nyfiken på korleis slikt som dette fungerer. ☺️ ) I manualen for Fibaro Dimmer 2 så står det at denne kan koplast som "2-wire" eller "3-wire", og det synest å vere noko ulikt kva som er tilrådd av desse to metodane. Når det er snakk om TN-nett så er dette greitt nok. Men kva viss der er IT- eller TT-nett, der det ikkje er nøytralleiar? Kan ein då kople ein av fasane til N på Dimmer 2 og på den måten få "3-wire" tilkopling, eller er det berre "2-wire" som er mogeleg i slike nett?
  12. Kva med denne her, då? 16 A, forbruksmåling og tilgjengeleg no: https://shop.futurehome.no/nb_NO/shop/product/smart-plug-16a-1943
  13. Interessant innlegg, @Moskus, takk skal du ha! ? For min del spørs det nok om ikkje det vert å ha smarthus-hub og Wi-Fi i separate VLAN. Då stengjer ein i alle fall ei dør for potensielle inntrengjarar. Dette vert sjølvsagt noko ugreitt viss ein har mange ting som skal integrerast med kvarandre på tvers av ulike standardar/protokollar. For min del som ikkje tenkjer å ha anna enn Z-Wave-ting (i alle fall i denne omgangen) så skal det vel ikkje ha så mykje å seie. ?
  14. He he, ser den. Det er alt for mykje som kjem "snart" av Z-Wave-utstyr! ? Eg skulle sjølv gjerne hatt ein heil del Z-Wave vridimmarar "i går", men verken Heatit eller Q-Light (som er dei einaste eg veit om som har noko slikt på gang) kan kome med noko tidspunkt for når dei vil kunne levere... ?
  15. Her er litt informasjon om dei nye smartpluggane til Aeotec (Smart Switch 7): https://z-wavealliance.org/aeotec-announces-new-best-in-class-z-wave-products-crafted-for-european-smart-homes-at-ise-2019/
  16. Etter kvart som ein får fleire og fleire elektroniske dingsar rundt i huset så vert det mange ting som skal ha straum. I mange høve så har dei vedlagde straumadaptera temmeleg lange leidningar, stort sett lenger enn det som trengst. For å halde det ryddig og greitt så har eg ofte kveila desse opp og gjerne bruka ein strips eller to for å halde kveilen saman. For litt sidan så vart eg av ein kjenning sterkt frårådd å gjere det på denne måten. Han meinte at når ein kveilar opp ei straumførande leidning så vil det fungere som ein spole, og det kan føre til varmgang og på sikt skadar på leidningane, eller i verste fall brann. Kva tenkjer folket her om dette? Eg kan ikkje skjøne at dette skulle kunne vere noko stort problem med 5 V eller 12 V utstyr og dei små straummengdene som går gjennom desse leidningane? Viss det likevel er noko i dette så lyt eg sjølvsagt finne meg ein annan måte å gjere ting på, for eg ynskjer absolutt ikkje å lage brannfeller rundt om i huset.
  17. Når det gjeld Fibaro og 10 A kontra 16 A sikring: Futurehome seier at etter april 2018 så er kravet om 10 A sikring borte. Det skal altså vere 100 % kurant å kople nye Fibaro-produkt på 16 A kursar.
  18. Z-TRM2fx toler vel litt mindre maksimal effekt enn den gamle (2900 W mot 3200 W). Elles er det vel ikkje så mykje forskjell på dei, nei, i alle fall ikkje viss den gamle er oppdatera til nyaste fastvare-versjon. Så slik sett kan du vel berre bruke den gamle.
  19. Ja, du har nok rett i det. Det er tydelegvis ein tung og tidkrevjande prosess å få Z-Wave-produkt godkjende, så mange produsentar tør vel ikkje å tippe ein gong. Heatit har i alle fall slutta å kome med noko som helst i høve til framtidige lanseringsdatoar etter at dei fekk ein del pepper for å bomme på desse tidlegare... ?
  20. Heisann! Er det nokon som har høyrt noko meir om dei Z-Wave hjuldimmarane som Q-Light etter seiande skal kome med etter kvart? Det siste feltryktet eg høyrde var våren 2019, men kanskje nokon har noko ferskare frå ryktebørsen...? ? Eg veit at Heatit sin Z-Dim skal kome i løpet av 2019, men etter at dei tydelegvis har brent seg på å berekne lanseringstidspunkt før så vil dei ikkje seie noko som helst konkret om lanseringstidspunkt, så eg hadde ei lita von om at kanskje Q-Light var litt meir lausslupne med informasjonen. ☺️
  21. OK, takk for svar! ? Reint logisk sett så gjev det vel meir meining viss WAN1 = eth0, WAN2 = eth1, LAN1 = eth2 og LAN2 = eth3, ja. Liten grunn til at det skulle vere annleis på Pro enn på 3P.
  22. Heisann! Er det nokon her som veit namna på dei ulike portane på UniFi Security Gateway Pro? Er det så enkelt som at det går frå høgre til venstre, slik at LAN1 = eth0, LAN2 = eth1, WAN1 = eth2 og WAN2 = eth3? Ein skulle tru dette var enkelt å finne ut av, men eg har leita og leita utan å finne eit fornuftig svar... ? Og viss ein skal kople Altibox FMG i bridge gjennom her, vil det då vere korrekt å kople FMG port 3 (Internett) til WAN1 og port 1 (IPTV) til WAN2, og så LAN1 til lokal switch? Oppsettet til cozmo frå tidlegare i tråden lyt då sjølvsagt tilpassast deretter.
  23. Det nye systemet er framleis i beta, men endeleg versjon skal vere rett rundt hjørnet. Futurehome har visst enno eit par utfordringar å løyse før beta-fasen er over, så dei er tilbakehaldne med å love nokon eksakt dato for når det er klart.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.