@Moskus, har dessverre oppdaga nye bugs (trur eg). Har i grunn litt samanheng med forrige post.
Prøvde for ei stund sidan å inkludere "price is lower/higher than the Nth lowest/highest hour" i eit par events. Synest desse ikkje har fungert heilt som tiltenkt, mistanke om at dei ikkje blir trigga på korrekt tidspunkt. Dei har derimot hatt ein haug med andre triggers og conditions, så har ikkje vore 100% sikker på kva som var feil.
For å finne ut om det var meg eller TibberSeer som tenkte feil så oppretta eg 48 events og like mange devices, der kvart event blir trigga av higher/lower than the Nth, til saman 24 høge og 24 låge. Kvar device blir satt "on" når eventet blir trigga.
Har ikkje køyrt testen meir enn eit par dagar, men det ser ut til at samtlige low blir trigga av den aller lågaste timen i døgnet, og at samtlige high blir trigga av den aller høgaste timen i døgnet. Det er jo forsåvidt korrekt, det er berre det at dei aldri blir trigga ellers.