Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Gradvis smartare golvvarme...


aujawindar

Anbefalte innlegg

Hei godtfolk. Eg har lese ein heil del på forumet her og lært ein god del, men ikkje nok. Difor er det tid for å stille eit spørsmål på eiga hand. Me har eit hus med enkel temperaturstyring av golvvarmen i fleire rom, og enkelte deler (termostatane) byrjar å ta kvelden. Utstyret som er i bruk no, er

  • Uponor T-55 termostatar på 868,3MHz
  • Uponor C-56 sentraleining/kontroller
  • Sirkulasjonspumpe til golvvatnet
  • 24V aktuatorar
  • 6 golvsløyfer
  • "Dum" Oso varmtvassberedar med indre og ytre tank (tappevatn/golvvatn)

Nye termostatar tilsvarande dei gamle er ikkje å få tak i. I tillegg er systemet sjølvsagt heilt uintelligent, og styrer berre etter temperatur.

 

Det me ynskjer, er altså

  • Smartare styring av golvvarmen og på sikt andre deler av huset, og dermed
  • Lågare straumforbruk og billegare oppvarming
  • Mest mogleg gjenbruk av eksisterande utstyr. Må eg verkeleg byte ut heile kontrolleren og termostatane? Kan eg bruke noko av det?
  • Gradvis innføring av smartstyring
  • Lokal kontroll, ingen skyløysingar
  • Open program- og maskinvare så sant råd, det vil truleg seia Homeassistant i dette tilfellet
  • Helst ting som kan kjøpast i Noreg

 

Me har

  • Conbee II USB-til-Zigbee
  • Ei berbar datamaskin til overs
  • Ein gamal Raspberry Pi B til overs

 

Me treng

  • Temperatursensorar. Aqara?
  • Rele til aktuatorane. Må kunna prate med ei datamaskin. Kva slag?
  • Kva meir?

Eg tek med takk imot tips, og ser fram til å lære meir!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK, takk! Då må eg altså ha ein Z-wave-plugg i tillegg til Z-water.

 

I parentes lurer eg på om det ikkje går an å få styrt noverande gamle Uponor-sentral litt smartare: Han gjer i grunnen det han skal, nemleg å opne og lukke aktuatorar. Går det an å samtala med ein slik ein? Han har ein RJ11-port. Kort sagt: Kan me hacke ein gamal Uponor-sentral?

Endret av aujawindar
Lenke til kommentar
Del på andre sider

RJ-porten er vel til displayet. For sentral styring må du bytte sentralenheten. Til f. eks Z-water. Då må du også bytte temperatursensor i rommene.

 

Edit: Mulig du får inn termostatene i HA siden de bruker 868,3MHz. Og så lager du climate entity i homeassistant. Da slipper du muligens å skifte termostater :)

Endret av MrE
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.