Eg brukte Nodemcu til garasjeportstyring, brukte relé på to utganger for å få potensialfrie kontaktar. Dette var dessverre litt ustabilt, relea trekte litt i tide og utide med resultat at portane opna seg. Men det kan naturlegvis vere at eg hadde eit dårleg eksemplar.
Har gått over til Fibaro smart implant til styring, men beholdt nodemcu til indikering.
Ein anna ting eg likar Arduino/NodeMCU veldig godt til er temperaturmåling. Har nokså mange med DS18B20 sensorar (billige dei også) som er veldig fine til å måle temperatur i fryseboks, kjøleskap, Vv-tank osv. Veldig billig, enkelt og bra ??